Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Parallelltvinge

I denne læringsressursen tilrår vi bruk av manuell fres for sjølve tvingedelen (kjeften) og CNC-dreiebenk for skruane.

Kva er ei parallelltvinge?

Det ligg i ordet parallell: to delar som bevegar seg likt under stramming og opning av sjølve tvinga.

Denne kan godt brukast i sveisearbeid fordi alt er laga av metall, i motsetning til andre tvinger som gjerne er laga i plastmateriale.

Lag di eiga parallelltvinge

Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:

Det kan vere lurt å repetere desse sidene før du startar:

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.

I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.

Refleksjon

Kan du lage kjeftane i eit anna materiale? Kvifor kan det vere lurt?

Skrive av Roger Rosmo og Haldor Hove.
Sist oppdatert 02.01.2024