Målingsskrape

Kva er ei målingsskrape?
Ei målingsskrape består av eit handtak og ein verktøydel med skarp skjereegg. I dømet vårt har sjølve skrapeverktøyet tre kantar, som alle er freste til ei skarp egg.
Målingsskrapa kan sjølvsagt nyttast til å skrape bort gammal måling, men vi kan òg bruke ho til å skrape bort rustbelegg og gamle pakningar.
Lag di eiga målingsskrape
Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Arbeidsteikning og 3D-teikning
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
- Målingsskrape(PDF)
Refleksjon
Kva stålkvalitet vil du velje for verktøydelen for å få ein hard og vedvarande skarp skjereegg?
Kan du behandle metallet på ein måte som gjer at det blir hardare?
Relatert innhald
Her finn du ni korte videoar som viser deg sikker bruk av maskiner på ein verkstad.
Her får du verktøy som kan hjelpe deg å planlegge eit arbeidsoppdrag.