Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Loddestativ

Når du skal lodde saman to leidningar, kan det vere vanskeleg å halde leidningane samtidig som du held loddebolt og loddetinn. Kvifor ikkje lage eit stativ som kan hjelpe deg?

Kva er eit loddestativ?

Ved lodding er det viktig at det du loddar, held seg stabilt saman, slik at du kan varme opp materialet og loddetinnet og dermed får ei solid lodding.

Dette krev i utgangspunktet mange hender, men eit stativ som held det som skal loddast, fast i rett posisjon, hjelper deg.

Loddestativ kjem i mange ulike utformingar, frå stativ med mange ledd og krokodilleklemmer til NDLAs 3D-printa versjon med fjørbelasta kjevar.

Tenk over

  • Kan utforminga av kjeftane og avstanden mellom dei to tårna bli forandra?

  • Kan du lage din eigen versjon som er spesialtilpassa bruken din?

  • Kan du lage ein versjon som har justerbar avstand mellom tårna?

Døme

Val av materiale

Du kan sjølv velje kva materiale du vil 3D-printe i. Vi valde denne gongen ABS-GF og ABS.

Du kan òg setje ditt personlege preg på stativet ved å velje dine eigne fargar.

Plassering på printplate

For å få eit godt resultat må du gjere nokre val knytte til plassering av dei ulike komponentane på plata til 3D-skrivaren i designprogrammet.

Vi valde følgande løysing:

  1. Skriv ut "tårn" liggande på rygg med foten opp, utan support.

  2. Skriv ut basen med rommet oppover, med support i dei rektangulære opningane i rommet og dessutan i hola mot papirplata.

  3. Skriv ut armane med kjeften oppover utan support.

  4. Skriv ut lokket med låseklipsa oppover utan support.

Sjekk tekniske data for 3D-skrivaren din for tilrådde innstillingar for sjølve utskrivinga.

Maskinvare

For å kunne montere saman dei ulike delane og få rett funksjon brukte vi følgande delar:

  • 4 stk. M5x10 panhead skruar

  • 2 stk. M4x20 panhead skruar (kan erstattast av unbrako eller sekskant, bruk gjerne skive)

  • 4 stk. M3x20 panhead skruar (kan erstattast av unbrako eller sekskant, bruk gjerne skive)

  • 4 stk. M5 gjengeinnsatsar

  • 2 stk. M4 gjengeinnsatsar

  • 4 stk. M3 gjengeinnsatsar

  • 2 stk. fjører. Her kan du velje dimensjon og styrke, men vi valde fjør med følgande spesifikasjonar:

    • fjørtråd: 0,8 mm

    • fjørdiameter: 8,8 mm

    • største avslappa lengde: 42 mm

Det kan nok brukast andre delar, og ved modifikasjon av teikningane må du tilpasse delelista etter eige ønske.

Fyll rommet i sjølve foten med noko tungt for å få betre stabilitet. Vi brukte ei rustfri plate på 98 x 48 x 5 mm.

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Ei enkel arbeidsteikning for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Det ligg òg ferdige filer for utskriving av delane på ein 3D-skrivar, i form av STL-filer.

I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet STEP. Med denne fila kan du modifisere modellen vår og gjere han til din eigen.

Skrive av Roger Rosmo og Vegard Melvær.
Sist oppdatert 18.11.2024