Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Låsbart oppheng for luftverktøy

Luftverktøy er svært dyrt og bør oppbevarast i eit trygt og sikkert oppheng. Her får du eit døme på korleis du kan lage eit låsbart oppheng for desse verktøya.

Oppheng for luftverktøy

Luftverktøy er svært kostbart, og det kan derfor vere smart å ha eit oppheng der du samlar luftverktøyet og i tillegg har høve til å låse det fast på ein enkel måte.

Her kan du forandre teikningane slik at dei stemmer med ditt eige verktøy. Har du mange verktøy, lag to, eller modifiser teikninga slik at det blir plass til fleire.

Kva type overflatebehandling ønsker du å nytte?

Lykke til!

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 26.09.2024