Kuleavdragar

Kva er ein kuleavdragar?
Når du høyrer namnet kuleavdragar, tenker du kanskje på eit verktøy for å dra av kuler? Dette er jo nesten rett, for det er kulelager vi ønsker å demontere, og sjølve gripekloa er kuleforma.
Når du skal demontere eit kulelager, kan det ofte vere vanskeleg å få eit godt grep med anten gripeklo eller ein skålavdragar. Dette kan vere på grunn av plasseringa av lageret eller at det er komponentar som hindrar deg i å bruke vanlege avdragarar.
Ein kuleavdragar har to gripeklør med kuleforma utsjånad, men kula er flat på to sider. Det gjer at kula kan førast inn mellom kulene i lageret med flatsida ut mot kulebanane, blir vridd 90 gradar og då får eit godt anlegg mot både indre og ytre kulebane.
Så kan lageret trekkast ut, og du får ei jamn trekkraft mot både indre og ytre lagerskål.
Ved bruk av denne typen avdragar er det stor fare for at kulelagerbanen blir skadd, og at du må skifte lageret.
Kuleavdragaren i dette læringsoppdraget har verktøy (kuler) som kan skiftast ut, og for å dekke mange ulike lagerdimensjonar er det nødvendig å lage kuleverktøy i ulike dimensjonar.
Denne avdragaren er òg godt eigna til å nytte saman med ein skålavdragar.
Lag din eigen kuleavdragar
Når du skal lage ein slik kuleavdragar, er det viktig at du lagar ein god arbeidsplan, gjennomfører ei risikovurdering knytt til dei maskinene du skal bruke, og varetek HMS.
Det er òg viktig at du har dokumentert sikkerheitsopplæring knytt til dei maskinene du skal nytte. Sjå eigne ressursar om maskinene.
Maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Refleksjon
Når du skal lage ein slik kuleavdragar, er det viktig at du vel eit eigna materiale. Kulelager kan sitje hardt, og kuleavdragaren kan bli utsett for store krefter.
Trur du det her vil vere aktuelt å ha eit hardt, herda materiale eller eit seigt materiale? Kva kan skje viss du vel eit materiale som ikkje er eigna?
Arbeidsteikning og 3D-teikning
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
- Kuleavdragar(PDF)
Relatert innhald
Lær korleis du kan lage ein plan for eit arbeidsoppdrag.
Skålavdragaren blir nytta saman med ein toarma tersj for å demontere lagerskåler. Klarer du å lage din eigen?