Hammar

Kva er ein hammar?
Hammaren er eit slagverktøy som kan nyttast til alt frå å slå inn ein spikar til å forme metallplater og løyse fastrusta komponentar.
Val av materiale i hammarhovudet påverkar både vekta og eigenskapane til hammaren. Vel du eit mjukt og tungt materiale, som til dømes kopar, får hammaren andre eigenskapar enn viss du vel eit lett hammarhovud av aluminium eller eit materiale av varmebehandla stål.
Hardleiken og seigleiken i hammarhovudet påverkar òg korleis hammarhovudet formar det materialet du skal slå på.
Lag din eigen hammar
Når du skal lage ein slik hammar, er det viktig at du lagar ein god arbeidsplan, gjennomfører ei risikovurdering knytt til dei maskinene du skal bruke, og varetek HMS.
Det er òg viktig at du har dokumentert sikkerheitsopplæring for dei maskinene du skal nytte. Sjå eigne ressursar om maskinene.
Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Utforming av hammaren
Når du skal lage din eigen hammar, kan du sjølv påverke korleis utforminga skal vere, spesielt viss du ønsker å nytte hammaren til eit spesielt formål.
Skal hammaren nyttast som ein smedhammar, bør han kanskje vere tung og solid, og utforminga er ikkje så nøye. Vil du lage ein hammar du skal bruke til å forme metallplater, skal kanskje kantane vere meir avrunda, og materialet skal kanskje vere noko mjukare enn det materialet du skal slå på, slik at det ikkje oppstår uønskte sår og skadar i materialet.
Arbeidsteikning og 3D-teikning
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
- Hammer(PDF)
Refleksjon
Når du skal lage ein slik hammar, er det viktig at du vel eit eigna materiale. Val av materiale kan påverke tyngda til hammaren, og det er viktig at du tenker over kva du skal slå på.
Er det aktuelt å bruke eit hardt, herda materiale eller eit seigt materiale? Kva kan skje viss du vel eit materiale som ikkje er eigna?
Relatert innhald
Lær korleis du kan lage ein plan for eit arbeidsoppdrag.
Her finn du ni korte videoar som viser deg sikker bruk av maskiner på ein verkstad.