Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Vedlikehald av maskinar og utstyr

Oppgåve

Dregg i stål

For å få ein funksjonell dregg er det viktig at du følgjer teikninga nøye. Arbeid med overflatebehandling fører dessutan med seg spesielle tryggingskrav.

Framgangsmåte

  • Kapp alle delane etter mål, nokre delar må kappast med overmål fordi dei skal maskinerast.
  • Skjerebrenn dei tjukke platene (pos. 3) på mål, hugs slip av alle gradar.
  • Klipp dei tynne platene (pos. 4) i platesaks.
  • Drei, fres og bor opphenget og hylsene i riktige mål.
  • Sveis saman pos. 3 og 4.
  • Overflatebehandle (galvaniser) alle delane.
  • Monter dreggen etter teikning.

Relatert innhald

Sveising

Sveising er ein metode for samanføying av delar av metall eller plast.

Skrive av Åkrehamn videregående skole.
Sist oppdatert 17.01.2019