Demontere og montere lager på aksling
Film om å demontere og montere lager på aksling (1:28)
Kva er lager på aksling?
Eit lager på ein aksling blir brukt til å sikre jamn og stabil rørsle av maskindelar. Det blir montert tett på akslingen og må handterast varsamt for å unngå skade på lageret eller akslingen.

Demontering av lager frå aksling
Verktøy
toarma avdragar for å trekke lageret jamt av akslingen
fastnøkkel eller skralle for å stramme og losne avdragaren

Framgangsmåte
Når du skal demontere eit lager på aksling, kan du følge denne framgangsmåten:
Plasser avdragaren
Set dei to kjeftane på avdragaren godt inn på lageret.
Juster slik at kjeftane er sentrerte for jamn trekkraft.
Fest avdragaren
Stram skruen på avdragaren til han sit godt fast i lageret.
Trekk ut lageret
Hald eit fast grep om avdragaren.
Bruk ein fastnøkkel eller skralle til å stramme skruen og trekke lageret jamt av akslingen.
Pass på at du trekker lageret rett av for å unngå skade på akslingen eller lageret.
Montering av lager på aksling
Når du skal montere lageret på ein aksling, er det enklast å bruke ei hydraulisk presse. Ver ekstra nøye med å finne ei presshylse som passar på den lagerbanen som er i kontakt med akslingen.
Viss du ikkje kan demontere maskinelementet, men må montere lageret på annan måte, kan det vere at du må slå lageret på plass.
Verktøy
hydraulisk presse for presis og kontrollert montering
olje for å smørje akslingen og redusere friksjon
Framgangsmåte
Førebuing
Smør akslingen med eit tynt lag olje for å gjere monteringa lettare og redusere friksjon.
Plassering
Set lageret på akslingen, og sørg for at det er rett justert.
Bruk hydraulisk presse
Plasser akslingen med lageret i pressa.
Bruk kraft
Sørg for at krafta frå pressa blir påført rett. Bruk kraft berre på den indre ringen i lageret når du pressar på akslingen. Alternativt kan du fordele trykket jamt over både indre og ytre ring.
Alternativ
Eit alternative er å bruke hammar.
Plasser lageret i lagersporet.
Hald presshylsa mot den indre lagerbanen til lageret.
Bank lett på presshylsa til lageret er på plass.
Unngå skade
Pass på at du ikkje legg press direkte på kulene eller rullane inni lageret, for det kan deformere løpebanane.
Kontroll
Sjekk at lageret sit rett og roterer fritt når det er på plass.
Viktige tips
Bruk rett verktøy: Ein toarma avdragar og hydraulisk presse gir presis handtering.
Smørjing: Smør alltid akslingen før montering for å redusere slitasje.
Unngå deformasjon: Ver nøye med å fordele krafta rett under montering for å verne komponentane til lageret.





