Demontere og montere innvendig lager
Film om å montere og demontere innvendig lager (1:36)
Kva er innvendige lager?
Innvendige lager er monterte i ein hol struktur der den ytre ringen på lageret er festa i ei boring. Vi treng spesifikke verktøy for trygg demontering og presis montering.
Demontering av innvendige lager
Verktøy
innvendig avdragar for å gripe tak i den ytre ringen til lageret frå innsida
glidehammar for å dra ut lageret med taktfaste slag
Framgangsmåte
Monter avdragaren innvendig på den ytre ringen til lageret. Stram avdragaren til du kjenner at han tek godt og jamt.
OBS!
Viss avdragaren ikkje kan få anleggsflate mot den ytre lagerbanen til lageret, må du prøve å dra ut lageret ved å feste avdragaren mot den indre lagerbanen til lageret. I desse tilfella er det stor fare for å øydelegge lageret, sidan all trekkrafta blir overført mellom indre og ytre lagerbane gjennom lagerkulene. Lagerkuler og lagerbane kan få sår og bli skadde.
Fest glidehammaren til avdragaren.
Dra ut lageret ved å bruke taktfaste og kontrollerte slag med glidehammaren. Hald fram til lageret losnar og er heilt ute av holet.
Sjekk at lageret kjem ut jamt, og at verktøyet ikkje skadar lageret eller holet.
Montering av innvendige lager
Når du skal montere eit innvendig lager, er det formålstenleg å bruke ei hydraulisk presse. Viss du ikkje kan demontere maskinelementet, men må montere lageret på annan måte, kan det vere at du må slå lageret på plass.
Verktøy
hydraulisk presse for å presse lageret på plass
tilpassa ring (ein ring med litt mindre diameter enn ytterringen til lageret)
Framgangsmåte
Plasser lageret i rett posisjon i boringa.
Legg ein ring som har litt mindre diameter enn ytterringen til lageret, på lageret. Dette sikrar at krafta frå pressa blir rett fordelt.
Plasser akslingen og lageret under den hydrauliske pressa. Sørg for at pressa påfører jamt trykk over den ytre ringen til lageret for å unngå skade.
Alternativt kan du bruke hammar:
Plasser lageret i lagersporet.
Hald presshylsa mot den ytre lagerbanen til lageret.
Bank lett på presshylsa til lageret er på plass.
Sjekk at lageret er heilt på plass, sit jamt og beveger seg som forventa.
Viktige tips
Unngå skadar ved å bruke rett verktøy og å påføre jamt trykk for å verne lageret og maskindelane.
Sørg for at ringen du bruker ved montering, passar til den ytre ringen på lageret.
Ver tolmodig ved demontering. Taktfaste slag med glidehammaren sikrar ein trygg og kontrollert prosess.





