Avdragar – to bein

Kva er ein to-arma avdragar?
Ein to-arma avdragar (tersj) er, som namnet tilseier, eit verktøy for å dra noko av, og han har to armar eller bein. I industrien blir både bein og armar nytta som fagomgrep. Fremst på desse beina er det gripeklør for å få eit godt tak på baksida av det lageret vi skal trekke av.

Desse beina kan justerast i breidda, slik at du kan trekke av lager med ulike dimensjonar.
I senter av verktøyet er det ein lang skrue med ein spiss i enden. Når du skrur denne skruen innover, blir beina trekte utover og dreg med seg lageret.
Nokre skruar har ei kule i staden for ein spiss. Kva gjengestigning skruen har, avgjer kor stor kraft eller rørsle du får for kvar runde du roterer skruen.
OBS!
Du må aldri nytte roterande verktøy når du skal demontere lager ved hjelp av ein slik avdragar. Bruk manuelle verktøy som fastnøkkel eller skralle.
Det er viktig å smørje gjengane til avdragaren slik at desse har minst mogleg friksjon og dermed skaper minst mogleg varme under bruk.
Lag din eigen to-arma avdragar
Når du skal lage ein slik to-arma avdragar, er det viktig at du lagar ein god arbeidsplan, gjennomfører ei risikovurdering knytt til dei maskinene du skal bruke, og varetek HMS.
Det er òg viktig at du har dokumentert sikkerheitsopplæring knytt til dei maskinene du skal nytte. Sjå eigne ressursar om maskinene.
Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Arbeidsteikning og 3D-teikning
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
- To-arma avdragar(PDF)
Refleksjon
Korleis gjekk læringsoppdraget? Vart resultatet som forventa?
Var alle måla innanfor toleransegrensa då du gjennomførte sluttkontroll etter at den to-arma avdragaren var ferdig?
Viss måla under kontrollmåling ikkje stemmer med teikninga, kva har skjedd? Viss du klarer å finne ut kva som var årsaka til at dette skjedde, er det ei stor moglegheit for at du ikkje gjer den same feilen neste gong.
Trur du det her vil vere aktuelt å ha eit hardt, herda materiale eller eit seigt, anløpt materiale? Kva kan skje viss du vel eit materiale som ikkje er eigna eller har fått feil varmebehandling?