Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Fôring og stell av høner

I eggproduksjon er det vanleg å kjøpe inn unghøner når dei nærmar seg kjønnsmodning, og setje dei inn i eit tomt hønsehus som er godt vaska og desinfisert etter førre innsett. Å forstå livssyklusen til høna er nøkkelen til god dyrevelferd og lønnsam eggproduksjon.

Livssyklusen til høna

Oppalarane som driv oppdrett av unghøner, kjøper daggamle kyllingar frå eit rugeri. Kyllingane er hos oppalaren fram til dei nærmar seg kjønnsmodning ved 16–18 vekers alder. Når kjønnsmodninga nærmar seg, blir dei anten selde til andre eggprodusentar eller overførte til oppalaren sitt eige anlegg for eggproduksjon. Hønene produserer omtrent eit egg kvar dag fram til dei er cirka 1,5 år gamle. Ved denne alderen legg dei færre egg, og det er vanleg å avlive dei og klargjere hønsehuset for innsett av nye høner.

Innsett

Du kjøper nye høner omtrent ein gong i året, og før dei nye hønene kjem, må du vaske og desinfisere hønsehuset sånn at det er minimal fare for at det ligg igjen smittestoff frå det førre innsettet.

Frakt

Unghønene blir plasserte i spesielle fraktbur hos oppalaren og blir køyrde i ein dyrebil til eggprodusentane. Det blir stilt krav til ventilasjon og temperaturstyring i all dyretransport, og sjåføren skal ha kompetansebevis og vere godkjend av Mattilsynet.

Når hønene kjem til sin nye heim, trillar du transportbura inn i hønsehuset og opnar dei så hønene får gjere seg kjend. Dei aller fleste hønene lever i det vi kallar aviarium, men det er framleis nokon som har hønene i innreidde bur.

Visste du at ...

Vi seier at høner som lever i aviarium, er frittgåande, sjølv om dei lever inne i hønsehuset heile livet? Det er for å markere at dei ikkje bur i små bur, men kan bevege seg fritt frå golv til tak i store fellesbur.

Eggproduksjon

Hønene begynner å legge egg når dei er 18–20 veker gamle, denne perioden kallar vi oppverping. Når dei er ferdige med oppverpinga, legg dei omtrent eit egg om dagen, og det er vanleg at verpeprosenten ligg rundt 90 prosent. Det vil seie at du får 900 egg per dag viss du har 1 000 høner.

Når hønene er omtrent 1,5 år (rundt 80 veker), kjem dei i si første myting (fjørfelling). Både høner og andre fuglar skiftar fjør ein gong i året, og miljøforandringar som dagslys og temperatur påverkar tidspunktet for mytinga. Når mytinga startar, vil eggproduksjonen gå ned, og det er vanleg å avlive dei fordi dei legg for få egg til at det lønner seg å behalde dei i produksjon.

No er det avla fram høner som kan produsere egg fram til dei er 100 veker, og fleire produsentar vel å ha hønene lenger enn 80 veker før dei avlivar dei.

Avliving

Viss du skal bygge nytt hønsehus for meir enn 500 dyr, er det krav om at det skal bli installert eit fast røyrsystem for gass. Dette systemet skal gjere det mogleg å føre CO2 direkte inn i huset ved avliving.

Formålet med dette kravet er å redusere stress og belastning for dyra. I staden for å bli borne ut og sleppte ned i ein ekstern gasskonteinar, kan hønene avlivast i kjende omgivnader. Dei sovnar inn i eige miljø, noko som gir betre dyrevelferd og forenklar arbeidet med å tømme huset i etterkant, sidan vi kan bruke maskinelt utstyr.

Uansett kva metode du bruker ved avliving, er det viktig å sørge for å sikre dyrevelferda. På nettsidene til Animalia finn du gode råd om korleis du skal gjere det.

Fôring

Det er vanleg å ha automatiske fôringsanlegg i store hønsehus, og det er kraftfôr som er hovudfôret til dei aller fleste hønene.

Altetarar

Alle fuglar er altetarar, det vil seie at dei kan ete både plantebasert og animalsk kost. Derfor kan du gi hønene dine gras, korn, frøblandingar og grønsaker. Insekt, mark og andre småkryp kan vere eit godt proteintilskot til høner som går ute.

Kraftfôr

For å vere sikker på at hønene får dekt næringsbehovet sitt, bør du gi dei eit kraftfôr som er tilpassa eggleggande høner. Det er fleire leverandørar av kraftfôr, og det er vanleg at dei tilrår å gi ein type kraftfôr i starten av innsettet (oppdrettsfôr) for så å gå over til verpefôr omtrent ei veke før dei blir kjønnsmodne og tek til å legge egg.

Vatn

Det krev mykje vatn å produsere egg, så det er viktig å ha god kontroll på vassforsyninga i hønsehuset! Det er vanleg å ha drikkeniplar der du kan registrere vassforbruket kvar dag. Store svingingar tyder på at noko ikkje stemmer, anten fordi dyra er sjuke, eller fordi det er ein lekkasje på vassleidningen.

Mineral og vitamin

Dei fleste kraftfôrblandingane dekker òg behovet til hønene for mineral og vitamin, men du bør vere klar over at dei kan trenge ekstra kalsium i form av skjelsand eller hakkestein. Det er fordi dei treng mykje kalsium til å danne eggeskal.

Miljøberiking

Alle høner skal ha tilgang til strø, reir og vaglar og nok plass til å utøve normal åtferd. I forskrift om hald av høns og kalkun finn du krav til minimumsareal og talet på reir. Det er òg eit krav at alle hønene skal kunne vagle seg samtidig.

Det er tilrådd å gi hønene ekstra miljøberikingar i tillegg til minimumskrava som gjeld.

Strø

Sand eller sagflis er viktig for at hønene skal kunne strøbade, og det gir dei noko å hakke og sparke i. Strøbading eller sandbading er viktig for at hønene skal halde seg reine og stelle fjørdrakta. Strøet må vere tørt for å unngå oppblomstring av uønskte bakteriar og andre mikroorganismar. Derfor må du skifte ut vått strø og fylle på med tørt og laust strø med jamne mellomrom.

Tørr halm kan òg brukast som strø. Legg gjerne inn heile firkantballar som dei kan herje med, leite etter korn i og spreie utover. Men pass på at det ikkje er mugg i halmen, då kan dei bli sjuke.

Skjelsand og hakkestein

Både skjelsand og hakkesteinar kan brukast som miljøberiking, fordi hønene har eit naturleg behov for å hakke og søke etter mat. Sand og småstein er òg viktig for fordøyinga deira, sidan dei inngår i den mekaniske fordøyinga i kråsen.

Økologisk eggproduksjon

Viss du skal drive med økologisk eggproduksjon, er det eit krav at hønene skal ha tilgang til uteareal som er økologisk drive, i minst ein tredjedel av livet. Økologiske høner skal òg ha større golvareal inne enn høner i konvensjonell drift.

Oppdaterte reglar om økologisk eggproduksjon finn du i Mattilsynets rettleiar for økologisk landbruk.

Fôring

Fôret du bruker til økologiske høner, skal helst vere produsert lokalt, men minstekravet er at 20 prosent av fôret skal vere eigenprodusert eller komme frå din eigen region.

Utedrift og smittevern

Høner som går ute, får utøve meir av den naturlege åtferda si, men det er òg nokre utfordringar med det. Av omsyn til smittevern skal du alltid ha høve til å stenge inne alle hønene. Det kan vere nødvendig ved utbrot av svært smittsame sjukdommar, som fugleinfluensa. Ved slike smitteutbrot kan hønene framleis luftast viss dei har ein overbygd veranda.

Mellom kvart innsett skal utearealet stå unytta i minst tre månader for å hindre smittespreiing. Gras og vegetasjon treng òg å etablere seg på nytt før neste innsett. Dette kravet gjeld ikkje for små hønseflokkar som går fritt ute.

Rovdyr

Ved utedrift er hønene òg utsette for rovdyrangrep. Derfor bør du tenke gjennom kva tiltak du må setje inn for å hindre dette.

Oppgåver

Vel rett alternativ.

Kjelder

Animalia. (2025, 27. mai). Tall og fakta – Norsk fjørfeproduksjon. https://www.animalia.no/no/Dyr/fjorfe/tall-og-fakta--norsk-fjorfeproduksjon/

Dørum, A.L. (2025, 14. januar). Fem tips til eggproduksjon. Felleskjøpet. https://www.felleskjopet.no/alle-artikler/alle-artikler-fra-samvirke/fem-tips-til-eggproduksjon/

Forskrift om hold av høns og kalkun. (2001). Forskrift om hold av høns og kalkun (FOR-2001-12-12-1494). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2001-12-12-1494

Forskrift om næringsmessig transport av dyr. (2012). Forskrift om næringsmessig transport av dyr (FOR-2012-02-08-139). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2012-02-08-139

Ljøkjel, K. (2020). Eggvekt, verpeprosent, fôrpris: –Hva med dekningsbidraget? FJØRFE, 137(4), 38–39. https://nfl.no/fagb892/4-2020/38/

Mattilsynet. (2022, 1. februar). Mat og vatn for høns. https://www.mattilsynet.no/dyr/produksjonsdyr/fjorfe/mat-og-vann-for-hons

Mattilsynet. (2025). Økologisk husdyrhold. I Veileder for økologisk landbruk. https://www.mattilsynet.no/planter-og-dyrking/okologisk-landbruk/veileder-okologisk-landbruk?kapittel=3-kologisk-husdyrhold

Stensrud, A. F. (2024, 16. januar). Eggproduksjon i økologisk landbruk. Agropub. https://www.agropub.no/publikasjoner/eggproduksjon-i-okologisk-landbruk

Økologisk Norge. (2023, 23. mars). Visste du at...? https://okologisknorge.no/vaart-arbeid/hvorfor-oekologisk/fakta/hvorfor-er-oekologisk-bra-for-dyra/oekologiske-hoener/visste-du-at/

Relatert innhald

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 27.05.2025