Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

Reinsetog

Eit rensetog er ei rad med små mengder ulike væsker (kalla piller) som har ulike funksjonar ("oppgåver") når vi reinsar røyr. Oppgåvene kan vere å løyse opp salt, rust, kalk og så vidare.

Væskene blir pumpa inn i brønnen etter kvarandre for at dei ikkje skal øydeleggje for kvarandre. Mellom dei aktive væskene bruker vi ofte viskøse piller som hjelper til med å halde væskene åtskilde.

Vi kan ha piggar framom og bakom eit reinsetog, men det er ikkje alltid nødvendig.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 11.12.2024