Teikningsforståing

Å dokumentere eigenskapane og utforminga til konstruksjonen
I tidlegare tider var produksjon først og fremst eit spørsmål om å produsere eitt og eitt hus eller produkt. Fagkunnskapen og kompetansen til handverkaren sikra at produkta blei like, eller ved ei nøyare vurdering – relativt like.
I dagens samfunn blir det stadig stilt strengare krav til det som blir produsert, anten det er vegar, uteområde, bygningar eller liknande. Alle produkt må vere innanfor krava som blir stilte. For å sikre ein jamn kvalitet, og at funksjonelle eigenskapar og utforminga av produktet blir repetert, må vi i større grad dokumentere desse eigenskapane og denne utforminga. Ein del av dokumentasjonen vil vere i form av teikningar.
Kvifor visualisere ved hjelp av teikning?
For å vise korleis eit produkt skal sjå ut, visualiserer vi ofte i form av bilete, ein fysisk modell, video eller teikningar. Men når produktet skal produserast, treng vi ei meir nøyaktig beskriving enn det eit bilete kan gi oss. Vi har behov for å oppgi nøyaktige dimensjonar, lengder, bredder, høgder, oppbygging og detaljar. Dette er spesielt viktig når fleire yrkesgrupper frå ulike bedrifter skal utføre arbeid på same produkt, eller dersom bedriftene skal produsere kvar sine delar som til slutt skal passe saman.
I bygg- og anleggsbransjen er vi avhengige av å kunne samarbeide for å vere effektive, og ei felles forståing og tolking av det som er på teikninga, er derfor svært viktig. Det å kunne lage gode teikningar og dessutan kunne forstå dei, er dermed nødvendig kompetanse.