HMS for stillasarbeidaren

Stillasbyggjarfaget er eit fag der ein legg til rette for andre fagarbeidarar slik at dei kan utføre jobben sin på ein sikker måte.
Ulike arbeidsstader
Den som jobbar i stillasbyggjarfaget, får ein variert, krevjande og spennande arbeidskvardag. Heile tida er det ulike arbeidsstader og nye konstruksjonar å arbeide med. Dette gjeld både på fastlandet og offshore.
Arbeid i høgda
Som ein forstår, så går det meste av jobben føre seg i ulike høgder enten rundt, over, under eller inne i forskjellige konstruksjonar. Stillasfagarbeidaren byggjer arbeidsplattformer både i samband med nye konstruksjonar og ved vedlikehald av eldre.
Verneutstyr
Klede og verneutstyr er her som i dei fleste yrke i byggjebransjen. Det er riktig arbeidstøy, vernesko, hjelm, vernebriller, høyrselsvern og hanskar.
I tillegg må stillasfagarbeidaren ha personleg fallsikringsutstyr når arbeidet går føre seg der stillasgolv/arbeidsplattform er 2 meter eller høgare over bakken. Ho må då ha fallsikringssele, fangline med dempar og fallblokk. Det er viktig at dette utstyret er typegodkjent og resertifisert årleg av autorisert verksemd.