Bruk av motorsag – arbeidsteknikk og sikkerheit

Sjå film på YouTube med foredrag av Skogbrukets HMS-utval om riktig og sikker hogst.
Bruk av motorsaga
Det er viktig å lære seg å bruke motorsaga på ein rett og sikker måte slik at vi unngår skadar og farlege situasjonar. Motorsaga er ein farleg arbeidsreiskap. Feil bruk kan utsetje både deg og andre for fare. Du skal bruke personleg verneutstyr, og verneutrustinga på saga skal vere i orden.
Under ser du kva dei ulike arbeidsoperasjonane felling, kvisting og kapping krev at du har kjennskap til.
Felling:
- kva du må planlegge
- korleis du legg felleskjer
- korleis du lagar hovudskjer
- kva som er risikofaktorane
- korleis du tek hand om sikkerheita
Kvisting:
- rett arbeidsteknikk
- risikofaktorar
- korleis du tek hand om sikkerheita
Kapping:
- kva risiko spenn i stokken utgjer
- korleis du tek hand om sikkerheita
Øve, øve, øve
Du kan ikkje lese deg til korleis du bruker motorsaga. For å bli god må du øve. I starten skal du alltid vere saman med ein instruktør.
Kastfare
Ver merksam på kastfaren når du bruker motorsaga. Sagar du med øvre halvdelen av sverdspissen, får du slag på saga. Då løyser kjedebremsen seg ut og stoppar kjeda. MEN: Dersom du arbeider på ein måte som gjer at du får slaget rett mot deg, og avstanden mellom saga og til dømes hovudet er kort, treffer kjeda deg før kjedebremsen har stoppa kjeda.

Vurder risiko!

Fare for kast: når du bruker sverdspissen
Fastfelling: når treet blir hengande i andre tre
Spjerring: når stammen blir kløyvd på langs
Spenn: når du kappar stokk
Slitasje: når du har feil arbeidsstilling
Kjenner du sikkerheitsfunksjonane på saga? Har du det personlege verneutstyret ditt i orden?
Gå gjennom presentasjonen "Motorsag og tryggleik".
Fastfelling og spjerring
Det er stor risiko knytt til fastfelling og spjerring. Fastfelling vil seie at treet du feller, henger seg fast i andre tre og ikkje landar på bakken. Spjerring vil seie at trestammen sprekk på langs. Dette utgjer ein stor risiko for skade. Sjå Svante Hanssons film på YouTube og lær korleis du kan forhindre spjerring.
Relatert innhald
Motorsaga revolusjonerte skogsarbeidet frå rundt 1950 på same måten som hogstmaskinene gjorde det frå rundt 1980.