Røyrleggar - Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Røyrleggar

Når du jobbar som røyrleggjar, legg du opp røyranlegg i private bustader og offentlege bygg. Du må ha gode samarbeidsevner, fordi du jobbar med mange andre yrkesgrupper. Røyrleggjarfaget er veldig stort og innhaldsrikt, derfor har dette faget eit halvt år lengre læretid enn dei andre yrkesfaga.
Bli røyrleggjar! Video: Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Røyrleggjaren har mange ulike arbeidsoppgåver:

  • installere vass- og avløpsleidningar innvendig og utvendig
  • montere leidningsnett, utstyr og armatur i sanitæranlegg
  • installere leidningsnett, utstyr og armatur i vassborne varmeanlegg som sørgjer for oppvarminga i eit hus eller anna bygg
  • installere gassanlegg, som sørgjer for oppvarming i hus eller andre bygg
  • installere sprinklaranlegg, til brannsløkking
  • installere isvassanlegg, som sørgjer for kjøling i hus eller andre bygg
  • kjøl- og frysanlegg for matvarer i butikkar
  • utføre servicearbeid, som mindre jobbar som å skifte ut eit armatur på ein servant heime hos ein kunde
  • kundekontakt og rådgiving, pliktar å rådgi kundane slik at feil eller manglar ikkje oppstår
  • dokumentere arbeidet du gjer, viktig for å sikre ditt eige og bedrifta di sitt arbeid
  • bruke digitale verktøy, ta bilete, video, skrive tekst m.m.

Les meir om røyrleggjarfaget på Utdanning.no.

Skrive av Gunnar Hovd og Magne Vågsland.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2023