Klippeøving - Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Klippeøving

Målet med denne øvinga er å lære å bruke blikksaks, måleverktøy og merkjeverktøy på materialet plastbelagt stål.

For å utføre øvinga treng du:

  • plate av plastbelagt stål
  • meterstokk
  • rissenål
  • blikksaks/handsaks
  • stikkpassar
  • flatmeisel e.l.
  • personleg verneutstyr

Deløving 1

Mål og merk med meterstokk og rissenål eit kvadrat med sider på 200 millimeter. Klipp ut plata. Kontroller måla.

I sentrum av plata skal det klippast eit rundt hól på Ø 125 millimeter med handsaks. Merk av senter. Bruk stikkpassar og riss opp hólet. Hogg hól i plata med ein flatmeisel eller liknande. Klipp ut med handsaks. Kontroller måla.

Deløving 2

Mål og merk og klipp ut ein rondell (rund plate) på Ø 124 millimeter. Klipp til ei kvadratisk plate med sider på 150 millimeter. Bruk stikkpassar til å merkje opp rondellen. Klipp ut med handsaks. Kontroller måla.

Sjekk om klippeøvinga vart rett utført

Er øvinga rett utført, skal den runde plata kunne leggjast inn i hólet på den andre plata med ei klaring på 0,5 millimeter rundt heile.

Skrive av Gunnar Hovd.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019