Klimakjøling og isvassanlegg - Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Klimakjøling og isvassanlegg

Isvassanlegg blir brukt til å kjøle ned rom som har overskot av varme. Typiske rom/lokale kan ha store vindaugsflater, eller ha maskiner og utstyr som produserer mykje varme.

Varmepumpe kan kjøle ned

Mange har i dag montert luft til luft-varmepumpe i bustaden sin. Ho er der for å varme opp, men kan nyttast til å kjøle ned. Prosessen i varmepumpa blir reversert.

Isvassanlegg

På same måte som eit varmeanlegg kan varme opp, kan eit kjøle- og isvassanlegg senke temperaturen i ein bustad eller eit lokale. Isvatn er kaldt vatn med ca. 8 gradar. Det kan gå til eit kjølebatteri i ventilasjonen for at lufta som kjem inn i rommet, skal bli kjølig.

Isvasstank

Vatn som er kjølt ned, kan lagrast i ein tank. Dette kallar vi ein isvasstank. Han fungerer i prinsippet på same måte som ein varmtvasstank, som kan ha 200 liter varmt vatn på 80 gradar. I tanken er det ofte eit elektrisk varmeelement som er kjelda til varmen i vatnet. I ein isvasstank kan det avkjølte vatnet komme frå ei varmepumpe som tar kjølekretsen innom isvasstanken.

Skrive av Gunnar Hovd og Magne Vågsland.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019