Flislegging - Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Flislegging

Flis er eit materiale som blir laga av brent leire. Bruksområda er mange, og bruken av fliser er utbreidd. Årsaka til dette er særleg slitestyrke og at dei er haldbare.
Verktøy til flislegging. Video: John Gunnar Johnsrud / CC BY-SA 4.0

Montering

Ved montering av fliser på golv og vegg kjem ein borti to ulike omgrep som er viktige å ta med seg. Når fliser blir monterte på golv, så heiter det å leggje fliser. Når fliser blir monterte på vegg, så kallar vi det å setje fliser.

Før montering av fliser i eit område vi skal jobbe i, må det planleggjast opp mot inndeling og mønster. På eksempelvis ein vegg så er det viktig at vi set flisene slik at vi får ei like brei flis i kvar ende på veggen. For at vi skal montere fliser i riktig vater og lodd, så har vi no gode hjelpemiddel slik som ein . Den gir oss hjelpestrekar som vi kan følgje når vi arbeider.

Ved montering av fliser på golv og vegg så er det viktig å velje riktig flislim ut frå det underlaget vi monterer på og kva slags fliser vi vel å bruke. Limet blir deretter blanda etter tilvising på sekk. Så blir limet fordelt utover området ein skal montere fliser på, med eit brett for flislim. Det er viktig at ein legg på tilstrekkeleg passe med lim slik at heile baksida av flisa blir dekt. Dette kan du sjekke innimellom ved å vippe opp ei flis for å sjå at det er lim under heile flisa. NB! Ikkje ha på lim på for store flater om gongen, då limet kan tørke for mykje før du kjem med flisa.

Fuging

Avstanden mellom flisene kallar vi fuger. Breidda på fugene er individuell, men det bør vere eit naturleg forhold mellom storleiken på flisa og breidda på fugene. For hjelp til riktig fugebreidd når vi monterer fliser, så bruker vi ei snor som vi legg mellom flisene når dei blir sette på plass.. Denne tek vi vekk så fort limet er tørt nok til at flisene ikkje endrar posisjon.

Dagen etter at vi har montert flisene, er limet tørt nok til at vi kan fuge. Bland fugemassen etter tilvising på sekken og arbeid grundig inn i alle fuger med . Overskytande fugemasse må vaskast vekk med ein gong etter fuging med ein .

Overgangen mellom ulike bygningsdelar, der begge områda er flislagde, slik som mellom golv og vegg, er eit område som kan bli utsett for litt ekstra belastning i form av rørsle. Derfor bruker vi ein elastisk fugemasse i slike område. Denne kjøper vi i patronar og påfører med ei fugesprøyte.

Skrive av Knut Grønvold, Frode Andre Sletholen og John Gunnar Johnsrud.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019