Bjelkelag - Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Bjelkelag

Eit bjelkelag er golvet i ein konstruksjon. Når eit bjelkelag ligg mellom 2 etasjar, så blir det golvet i etasjen over og taket i etasjen under. I tillegg til bjelkane består golvet av isolasjon mellom bjelkane og plater/bord på oversida og undersida av bjelkane.
Bjelkelag. Video: Martin Aune Walther / CC BY-NC-SA 4.0

Bjelkelaget må tole 2 ulike belastningar

  1. Eigenlast, som er vekta av alle materialane vi bruker for å byggje bjelkelaget. Døme på det er bjelkar, isolasjon, golvbord og takplater.
  2. Nyttelast, som er vekta av alt som skal vere på bjelkelaget/golvet etter at dette er teke i bruk. Døme på det er møblar, inventar, menneske, maskiner og liknande.

Det er 3 eigenskapar ved bjelkelaget som avgjer kor mykje belastning det toler

  1. , som er avstanden mellom veggane bjelkane ligg på. Når opninga blir større, må bjelkane vere lengre. Belastninga på bjelkane blir då større. Då må vi anten auke dimensjonen på bjelkane, eller ha mindre avstand mellom bjelkane.
  2. Senteravstanden, som er avstand mellom midt på ein bjelke til midt på neste bjelke. Bjelkelaget blir sterkare når avstanden mellom bjelkane er kortare. Det vil seie at bjelkane ligg tettare. Vanlege senteravstandar i bjelkelag er 60 cm (c/c 60).
  3. Dimensjonen, som er høgda og breidda på bjelkane. For at ein bjelke skal tole større belastning, er større høgd på bjelken viktigare enn større breidd.

Kva bjelkane er laga av, har også mykje å seie.

Skrive av Knut Grønvold og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019