Armering - Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Armering

Å armere vil seie å gjere eigenskapane til eit materiale betre slik at det toler større påkjenninga. Her forklarer vi oppgåva til armeringa i betongen.

Kva er armering?

Armering er jarnstenger som blir lagde ned i forskalinga. Når vi fyller forskalinga med betong, vil armeringa vere inne i betongen. Armeringa blir plassert i betongen for å gje betongen styrke.

Kvifor treng vi armering?

Betong toler mykje trykk, men ikkje strekk. Derfor treng vi nesten alltid armering i betongen. Det blir strekk i underkant av ein bjelke, derfor må vi ha armering i underkant av bjelken. Det blir strekk i betongen på store flater av vegg eller golv, derfor må vi ha armering i vegg og golv.

Ulike typar armering

Armeringsjarna er laga med kammar eller riller, slik at armeringsjarnet festar seg godt til betongen. Armeringsjarnet blir levert i mange tjukkleikar, frå 5 mm i diameter til 32 mm i diameter. Det tynnaste armeringsjarnet på 5 mm er som regel sveisa saman i rutenett til armeringsmatter. Før armeringsjarnet kjem på byggjeplassen, blir det oftast kappa og bøygd slik at det passar til forskalinga. Det er jarnleverandøren som gjer denne jobben. På byggjeplassen er det også utstyr for å bøye og kappe armeringsjarn. Vi brukar då ein jarnkuttar og ein armeringsbøyar.

Jarnbinding

Når vi legg armeringa ned i forskalinga, skal vi leggje armeringsjarna slik det går fram av ei byggjeteikning som vi kallar armeringsteikning. Dette er veldig viktig for at betongen skal få god styrke. Det er viktig at armeringa ikkje flyttar seg når vi fyller betong i forskalinga. For å halde armeringa fast brukar vi armeringsstolar av ulike slag. Vi bind armeringa fast til armeringsstolane og andre armeringsjarn med ståltråd. Bindinga av armering gjer vi med jarnbindemaskin eller med tong.

Overdekning

Armeringsstolane har også som oppgåve å halde riktig avstand frå yttersida av betongen og inn til armeringa i den ferdige betongkonstruksjonen. Denne avstanden er viktig for å verne armeringa mot rust. I betongfaget kallar vi avstanden frå betongoverflata og inn til armeringa for «overdekning». Di større overdekning, di betre vern har armeringsjarna mot rust, eller korrosjon som det også blir kalla.

Skrive av Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019