Å mure med teglstein - Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Å mure med teglstein

Du skal mure ein vegg med teglstein og mørtel på golvet i verkstaden. Tidsbruk: om lag 8 timar.

Materiale

  • Mørtel vel du ut ifrå det som er tilgjengeleg.

Verktøy

  • Verktøyet du skal bruke, skal vere tilsvarande det som er vist på biletet.

Oppgåve

  • Du skal mure ein teglsteinsvegg med halvstein forband.
  • Lengda på veggen skal tilsvare 5 teglstein og 4 stussfuger.
  • Høgda på veggen skal vere minimum 5 skift. Fugestorleik 13 mm.
  • Veggen skal vere snorrett.
  • Alle skift skal vere i vater.
  • Veggen skal vere i lodd.

Evaluering

Arbeidslogg og eigenvurdering (googledokument)

Skrive av Knut Grønvold.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2017