Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Å kommunisere om fargar

Har du opplevd at det kan vere vanskeleg å få andre til å forstå kva farge du meiner når du skal beskrive ein farge? I dette gruppearbeidet skal vi utforske fargenamn og korleis vi oppfattar dei.

Oppgåve om fargenamn

Del klassen inn i grupper

Del klassen inn i fire grupper. Kvar gruppe skal jobbe med ein av dei kulørte fargane: gult, raudt, blått eller grønt.

Idémyldring

Alle på gruppa skriv ned så mange fargenamn dei kjem på, om fargen sin (til dømes ulike blåfargar). Bruk post-it-lappar og skriv eitt fargenamn på kvar lapp. Assosier fritt og bruk gjerne hjelpemiddel.

Sorter

Bruk lappane og systematiser fargenamna i hovudgrupper.

Prøv å finne ut kva som gir ulike fargenamn. Døme på ulike kategoriar kan vere

  • lysheitsgrad, til dømes lyse..., mellom..., mørke...

  • kva fargestoff (pigment) fargen er laga av, til dømes koboltblått og lapisblått

  • innslag av andre fargar, til dømes grønblått (grønaktig blått)

  • kva fargen liknar på, til dømes himmelblått og lavendelblått.

Lag fargeprøve

Vel eitt av fargenamna gruppa har komme fram til (til dømes himmelblått). Alle elevane på gruppa lagar kvar si fargeprøve. Du skal vise korleis du ser for seg den fargen gruppa har valt. Dette kan gjerast manuelt ved å blande måling eller digitalt i eit teikne- eller biletredigeringsprogram. Bli einige med læraren dykkar om korleis de gjer dette. Når de er ferdige, samanliknar de fargeprøvene i gruppa.

Oppsummer

Oppsummer erfaringane frå gruppearbeidet i fellesskap:

  • Kva typar fargenamn bruker vi?

  • Har vi ei felles oppfatning av kva farge dei ulike fargenamna representerer?

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 21.08.2026