Oppgave
Leggje til rette for indre motivasjon
Vi lærer best når vi er indre motiverte. I staden for å fokusere på å motivere menneske bør vi ifølgje sjølvbestemmingsteorien prioritere å leggje mest mogleg til rette for at dei skal motivere seg sjølve. Men korleis gjer vi det?
- Reflekter først individuelt over desse spørsmåla, diskuter deretter i par eller i grupper. Samanfatt til slutt i klassen.
- Kva fordelar og ulemper har ytre kontrollert motivasjon?
- Kva fordelar gir indre motivasjon?
- Kva har motivasjonen din å seie i arbeidet med barn og unge?
- Kva er viktig å ta utgangspunkt i når du skal planleggje ein aktivitet eller ei oppgåve for barn og unge slik at dei blir indre motiverte?
- Kva er samanhengen mellom leik og indre motivasjon?
- Korleis kan de leggje til rette for at barn og unge skal motivere seg sjølve, altså bli indre motiverte? Lag ei liste med stikkord ut frå spørsmåla nedanfor.
- Korleis skape tilhøyrsel?
- Korleis skape nysgjerrigheit?
- Korleis leggje til rette for positive meistringsopplevingar?
- Korleis leggje til rette for sjølvbestemming?
- Korleis leggje til rette for at barn og unge opplever glede i det dei gjer?
- Planlegg, gjennomfør og evaluer ein aktivitet der de jobbar med indre motivasjon.
- Planlegg ein aktivitet for barn og unge. De vel sjølve aldersgruppe.
- Beskriv i planen kva de som vaksne må gjere for å leggje til rette for den indre motivasjonen til barn og unge.
- Gjennomfør aktiviteten med klassen.
- Gruppene evaluerer seg sjølve og kvarandre.