Tangerudbakken i symjehallen - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Tangerudbakken i symjehallen

Kva som motiverer oss, varierer frå person til person. Det er derfor naudsynt å kartleggje kva som motiverer kvar enkelt brukar, og deretter planleggje og gjennomføre aktivitetar som tek vare på helse og livskvalitet.
Video: Rubicon TV AS / Avgrensa bruksrett

Sjå filmen og svar på oppgåvene individuelt før de diskuterer i klassen.

Oppgåver

  1. Kvifor er det viktig at Bjørn Terje finn treningsaktivitetar han liker?
  2. Kvifor er det viktig at Lasse deltek på aktivitetane saman med Bjørn Terje?
  3. Korleis klarer Lasse å motivere Bjørn Terje til å gjennomføre desse aktivitetane?
  4. Korleis blir brukarmedverknad sikra her?
  5. Kva form for påskjønning opplever Bjørn Terje på kort og lang sikt?
  6. Gi døme på noko Lasse seier eller gjer som du vil definere som gode haldningar for ein helsefagarbeidar. Grunngi kvifor du synest dette er gode haldningar.
  7. På kva måte bidreg Lasse til at Bjørn Terje får eit godt sjølvbilete? Gi døme.
Skrive av Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir, Lene Fossbråten og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2021