Hopp til innhald
Fagartikkel

Stimulere til god sosial utvikling

Som barne- og ungdomsarbeidar er ei av oppgåvene dine å styrke og støtte utviklinga av gode sosiale ferdigheiter hos barn og unge, slik at den sosiale utviklinga går rett veg. Å støtte utviklinga av sosiale ferdigheiter handlar om å gi barn og unge kompetanse i å få kontakt og samhandle med andre.

Målet med god sosial utvikling

Både rammeplanen for barnehagen (2017), Kunnskapsløftet 2020 og den nye nasjonale rammeplanen for SFO 2021 seier at vi skal arbeide med den sosiale kompetansen til barn og unge. Det langsiktige målet for god sosial utvikling hos barn og unge er at dei skal klare å tilpasse seg samfunnet. I kvardagen betyr det at barn og unge skal klare å omgåast kvarandre på ein god måte, slik at dei opplever trivsel og læring. Det kan dei lære når vi styrker den sosiale kompetansen deira. Denne kompetansen handlar om å meistre sosiale ferdigheiter i ei rekke miljø.

Barn og unge som har utvikla god sosial kompetanse som dei viser når dei er saman med andre, som kan knyte gode relasjonar, og som meistrar dei sosiale utfordringane dei møter i oppveksten, har gode framtidsutsikter.

Korleis fremme god sosial kompetanse?

Sosial kompetanse inneber at barn og unge kan

  • ta perspektivet til andre
  • vise omsorg og nestekjærleik
  • inngå på ein god måte i fellesskapen
  • seie meiningane sine
  • avpasse veremåten sin til situasjonen

For å greie dette må barn og unge ha evna til å balansere eigne behov mot behova til andre og behovet i heile gruppa for godt samspel.

Sosiale ferdigheiter kan lærast på lik linje som andre ferdigheiter. For at du skal kunne hjelpe og støtte den sosiale utviklinga til eit barn, er det først og fremst viktig at du har fått ein god relasjon til det barnet det gjeld.

For å fremme ei god sosial utvikling for barn og unge kan du hjelpe dei med dei ulike områda innan sosial kompetanse. Her kjem nokre døme på kva du kan hjelpe barna med på dei ulike områda:

Ta perspektivet til andre

  • forstå at andre har ein annan måte å sjå situasjonar på
  • forstå at vi har ulike kjensler
  • kjenne att kjensla hos andre
  • forstå at vi menneske er ulike og har ulike behov
  • forstå at vi alle kan gjere feil

Vise omsorg og nestekjærleik

  • bry seg om andre
  • trøyste og støtte kvarandre
  • føreseie kjensler hos andre
  • lytte til andre
  • dele med andre
  • hjelpe andre
  • byte på roller i leiken ved å lære å gi frå seg rollar og å krevje roller
  • respektere eigedelane til andre

Inngå på ein gode måte i fellesskapen

  • halde avtalar
  • hjelpe kvarandre til å forstå ting betre
  • kome til avtalt tid
  • følge reglar i leik og samspel
  • jobbe positivt i gruppeoppgåver
  • følge opp den jobben ein har fått tildelt
  • seie ifrå når noko er gale/urettferdig
  • sjå skilnaden på å sladre og det å seie ifrå
  • rydde opp etter seg sjølv

Seie meiningane sine

  • ta initiativ til leik
  • uttrykke positive og negative kjensler
  • stå imot venepress
  • hevde meiningane, ønska og behova sine
  • stå for meiningane sine utan at det går ut over andre

Avpasse veremåten sin til situasjonen

  • klare å vente på tur
  • dele med andre
  • klare å utsetje sine eigne behov for å hjelpe andre fram
  • halde orden i sakene sine
  • ikkje køyre over andre
  • strukturere og planlegge dagen sin

Læring av sosiale evner

Barn og unge kan lære sosiale ferdigheiter på mange ulike måtar, først og fremst gjennom dagleg samhandling med andre gode rollemodellar. Det kan òg lærast gjennom rollespel, ferdigheitstrening, praktiske øvingar og tilbakemelding på eigne ferdigheiter. Det finst òg ulike program som barnehagar og skular/SFO kan kjøpe. Nokre døme er Steg for steg, Du og jeg og vi to, ART (Aggression Replacement Training), KREPS (Kreativ problemløysing i skulen) og SNAP (Stop Now and Plan). Alle institusjonar bør ha ein sosial læreplan der tilpassa litteratur, læremiddel, aktivitetar og evalueringsmetodar er skrivne ned.

Utfordringar til deg

  1. I kva samanhengar tenker du det kan vere vanskeleg å balansere dine eigne behov opp mot behova til andre?
  2. Det er viktig å lære barn og unge til å uttrykke sine eigne meiningar, men det er ikkje alltid dei gjer det på ein måte dei vaksne liker. Korleis kan du hjelpe barn til å uttrykke viljen sin på ein god måte?
Kjelder

NOU 2010: 7. (2010). Mangfold og mestring: Flerspråklige barn, unge og voksne i opplæringssystemet. Kunnskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/NOU-2010-7/id606151/

Ogden, T. (2015). Sosial kompetanse og problematferd blant barn og unge. Gyldendal Akademisk.

Skrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021