Språk og identitet - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Språk og identitet

Vi nyttar språket til å kommunisere med andre, men òg til å vise andre kven vi er eller kven vi ønskjer å vere.

Kven ønskjer du å vere?

I psykologien blir identitet definert som dei medvitne eller umedvitne førestillingane eit individ har om seg sjølv. Sosiologane er opptekne av at identiteten vår er knytt til dei sosiale gruppene vi identifiserer oss med – familien vår, lokalsamfunnet vi kjem frå, eller gjengen vi høyrer til.

Språket er ein identitetsmarkør. Det vil seie at måten vi nyttar språket på, signaliserer både kven vi er, kven vi ønskjer å vere, kva for sosiale grupper vi høyrer til, og kva for grupper vi identifiserer oss med.

Språket blir viktigare som identitetsmarkør når andre kjenneteikn på at vi høyrer til ein bestemt kultur, blir borte. Nokre forskarar meiner at menneske i dag kan velje identitet nærmast heilt fritt. Identiteten er då ei bestemt maske som vi tek på oss når vi ønskjer det. Men er det fullt så enkelt å skifte identitet?

Sossar og rånarar snakkar forskjellig

Språkforskar Unn Røyneland har studert talespråket til ungdommar på Tynset og Røros. Ho fann at dei unge nytta språket for å signalisere kva gruppe dei ønskte å identifisere seg med: "Rånarane" var dei mest tradisjonsorienterte. Dei ville gjerne bli buande på Tynset og nytta derfor òg Tynset-dialekten. "Sossane" ønskte seg bort frå bygda og var opptekne av urbane trendar. Derfor normaliserte dei talespråket sitt.

Språk og kjønn

Rolv Mikkel Blakar gav ut boka Språk er makt i 1973. Her ber han lesarane om å løyse denne gåta:

Ein mann og sonen hans kom ut for ei stygg bilulykke. Faren vart drepen, medan sonen, hardt skadd, vart køyrd til sjukehuset. Der gjorde dei klar til operasjon, og den skadde guten kom rett på operasjonsbordet. Legen som skulle utføre operasjonen, vart bleik ved synet av pasienten, og ropte: "Å Herre Gud, det er son min!". – Nå er spørsmålet: Korleis heng dette saman?

Blakar, 1996, s. 75

Har du funne svaret? Språket er med og bestemmer korleis vi opplever verda rundt oss. Språket avslører maktforholda i samfunnet, òg kva for kjønnsrollemønster som eksisterer. Kanskje er gåta frå 1973 slett ikkje noko gåte lenger – sjølvsagt er kirurgen mor til guten.

Språkforskarane har hatt ulike syn på forholdet mellom språk og kjønn:

  • Mangelmodellen (1920-åra): Kvinnespråk er ufullkome sett i forhold til mannsspråket. Ein del forskarar meinte at dette skuldast biologiske skilnader.
  • Dominansmodellen (1970-åra): Kvinnespråket er annleis enn mannsspråket fordi kvinner er sosialt underordna. Det meste av forskinga vart sett i lys av teoriar om makt og undertrykking.
  • Likeverdmodellen (1990-åra): Kvinner og menn har ulike kulturar. Dersom vi forstår kulturane til kvarandre, vil vi òg godta kvarandre, og skilnadene vil dermed forsvinne.

Kva går så desse kulturskilnadene ut på? Kvinner er opptekne av å markere likskap i samtalesituasjonen. Menn er meir opptekne av å markere skilnad. Derfor nyttar kvinner språket til å etablere og oppretthalde fellesskap, mens menn i større grad markerer posisjonar.

Menn er direkte og konstaterande i måten å uttrykkje seg på. Kvinner er meir indirekte. Dei kjem med forslag og gir uttrykk for tvil. Menn seier: Slik er det. Kvinner seier: Det er kanskje slik. Kvinner gir òg fleire tilbakemeldingssignal i ein samtale: Seier du det? Kva! Mytane vil ha det til at kvinner snakkar mest. Forsking viser at i det offentlege rom er det menn som snakkar oftast og lengst.

Utfordringar til deg

  1. Kva samanheng er det mellom språk og identitet?

  2. Korleis snakkar folk der du bur?

  3. Kva grupper identifiserer du deg med?

  4. Er det skilnad på språket til jenter/kvinner og språket til gutar/menn? Kva går i tilfelle denne skilnaden ut på?

Kjelde

Blakar, R. M. (1996). Språk er makt (6. utg.). Pax Forlag A/S.

Skrive av Oddvar Engan, Ragna Marie Tørdal og Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2021