Hopp til innhald
Fagartikkel

Rollemodell - fysisk aktivitet

Som barne- og ungdomsarbeidar er du ein viktig rollemodell for barn og unge når det gjeld fysisk aktivitet. Ein barne- og ungdomsarbeidar som oppmuntrar til og deltek i fysisk aktivitet saman med barn og unge, er eit godt førebilete.

Skal du vere ein god rollemodell for barn og unge, må du ha kunnskapar om kor viktig fysisk aktivitet er, og ha eit spekter av leikar og aktivitetar som du kan inspirere barn og unge til å prøve.

Leiarrolla

Den som skal leie barn og ungdom i fysiske aktivitetar, bør vere fleksibel. Kunsten er å gi dei lov til å vere spontane og i stor grad sjølve bestemme kva dei skal halde på med. Ein god leiar vil

  • vere positiv og oppmuntrande

  • gi rom for kreativitet

  • vise ekte og spontan leikelyst

  • vise evne til å la seg begeistre

  • vere til stades og tilgjengeleg for barna og dei unge

  • delta på premissa til barna og dei unge

  • vere anerkjennande, gi ros og oppmuntringar

  • observere for vidare planlegging av aktivitetar

  • ta ansvar for menneske, økonomi, natur og miljø

Kommunikasjon

Utsegner som "ver litt roleg", "ikkje spring her", "pass deg – du kan slå deg" kan av og til vere på sin plass, men dei kan òg verke hemmande på aktiviteten. Vi bør tenkje over om vi seier dette fordi vi sjølve ønskjer ro, eller om det er naudsynte tilbakemeldingar til barna.

Profesjonell?

I skulen jobbar Lise, som liker stillesitjande aktivitetar. Ho har god kontakt med barna og er spesielt flink med forming, litteratur og song. Lise misliker turdagane og har lite erfaring med å gå på tur. Skulen har turdag kvar veke, og ein del av jobben til Lise er å vere med på desse turdagane. Korleis kan ho finne glede og motivasjon til å gå på tur?

Profesjonell løysing

Lise kan tenkje: Dette er ein del av jobben min. Kva kan eg gjere for å like dette betre? Er det noko ved turlivet eg liker? Kan eg og barna plukke naturmaterialar til formingsaktivitetane? Kven kan eg be om hjelp slik at eg kan meistre turdagane betre? Kan eg skaffe meg meir kunnskap? Kva kan eg gjere for at barna ikkje skal sjå at eg misliker å gå på tur? Lise kan altså bestemme seg for å gjere så godt ho kan.

Uprofesjonell løysing

Lise kan gjere det ho kan for å sleppe å gå på tur ved å kle seg dårleg, seie at ho er i dårleg form eller å prøve å byte bort turdagen. Ho kan vere generelt negativ til turdagane. Ho kan seie ting som "i dag er det for kaldt til å gå på tur", "huff, skal vi på tur igjen" og "eg trur barna heller vil vere her". Ho lèt barna få vite at ho synest dei kunne ha gjort andre ting enn å gå på tur. Lisa vel altså å påverke barna med sine eigne negative haldningar.

Her er nokre tips for å bli ein god rollemodell:

  • Delta aktivt i leikar og aktivitetar når det er naturleg.
  • Kommuniser at du synest fysisk aktivitet er moro og viktig.
  • Sørg for å ha gode kunnskapar om fysisk aktivitet.
  • Vis barna at du tør å prøve nye aktivitetar.
  • Våg å prøve ut nye aktivitetar med barna.
  • Gi barna spennande utfordringar.
  • Tenk kreativt og bruk aktivt dei moglegheitene som finst i nærmiljøet.
  • Oppfordre barn og unge til å strekkje seg litt lenger og prøve nye ting.
  • Ver kledd for aktivitet.

Utfordringar til deg

  1. Kva meiner du er ein god rollemodell for å vere i fysisk aktivitet?
  2. Diskuter dømet med Lise. Kva skal til for at vi vel ei profesjonell løysing?
  3. Har du andre døme på kva ein rollemodell kan gjere for å få barn meir aktive?
  4. Korleis kan du skaffe deg kunnskap om fysisk aktivitet?
Skrive av Guri Bente Hårberg, Gro Nedberg Grønlid og Kjell Arne Standal.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021