Planlegging og improvisasjon - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Planlegging og improvisasjon

I arbeidet med barn og unge vil det alltid oppstå situasjonar der det er naudsynt med improvisasjon. Å vere ein dyktig og kreativ barne- og ungdomsarbeidar i improvisasjonsaugneblinken er avhengig av førebuingar og øving.

Planlegging og improvisasjon

I yrkesutøvinga di som barne- og ungdomsarbeidar skal du i samarbeid med kollegaer planleggje og organiserer kvardagar på ein slik måte at det bidreg til å ta vare på behovet til barn for omsorg og leik og å fremje læring og danning. De skal leggje til rette og leie arbeidet mot dette. Sjølv om de lagar gode planar og har tenkt over korleis de vil handle for å oppnå dette, må de i tillegg ha evna til å improvisere, å vite korleis de skal handle akkurat no.

Du jobbar med levande menneske, og det vil alltid oppstå situasjonar som du ikkje kunne sett føre deg og planlagt på førehand. I møte med barna skjer det uventa ting som du må ta stilling til. Barna har andre kunnskapar, erfaringar og perspektiv enn det vi har. Du må kunne handtere det uventa og kunne endre det planlagde viss det blir behov for det. Ofte kan det krevje ei delvis eller total endring av det de har planlagt. Du må derfor vere førebudd og våge å gå utanfor det planlagde.

Open for det uførebudde

Improvisasjon betyr å vere open for og akseptere at ein situasjon kan ta uventa retningar, og handle deretter. Alle barn- og ungdomsarbeidarar må kjenne faget sitt og omgivnadene sine godt for å kunne improvisere. For å lykkast med improvisasjon må vi ha kunnskap om kva omsorg og leik er, og om kva som fremjar læring og danning. Ein barne- og ungdomsarbeidar skal alltid vere omsorgsfull og engasjert, òg når vi må improvisere. Det handlar om at du er til stades i augneblinken, i det som skjer her og no, og justerer både deg sjølv og det du har planlagt, ut frå innspela og behova til barna og det som har oppstått. På den måten gir du òg barna moglegheit til å utforske og prøve ut eigne idéar.

Å ha evna til å improvisere er derfor ein viktig eigenskap i arbeid med barn og unge. Vi utviklar denne eigenskapen hovudsakleg gjennom erfaring. Vi må øve på å vere til stades og lytte aktivt og å vere opne for at det er ulike måtar å løyse ei oppgåve eller ein situasjon på. Vi må òg øve opp førestillingsevna vår, for på den måten prøve å føresjå kva utfallet kan bli av ulike handlingar. Samtidig må vi tore å utforske, vere kreative og prøve oss fram for å sjå kva som fungerer.

"Den døde musa-pedagogikken"

I arbeidet med barn og unge vil det oppstå uventa ting som kan overraske barna. Korleis kan vi gripe desse augneblinkane og gi barna tid til å undre seg? I barnehagesamanheng snakkar vi ofte om "den døde musa-pedagogikken". Ein dag har de vaksne planlagt at barnegruppa skal på tur til eit bestemt turmål. Undervegs på turen oppdagar barna ei død mus. Dei blir veldig opptekne av musa og stiller mange spørsmål knytte til ho. Her er det moglegheit for å improvisere, gripe augneblinken og la barna få tid til å undre seg. Då utnyttar de interessa og engasjementet til barna for å skape ny forståing og kunnskap, og det skjer læring. Når de gjer det, tek de òg vare på medverknaden til barn. Barna opplever at dei er ein del av fellesskapen og kan påverke det som skjer, og dei erfarer at eiga deltaking bidreg til endring. Så i staden for å gjennomføre turen slik de hadde planlagt, grip de innspela til barna og gir slepp på det planlagde. De veit ikkje kvar denne prosessen vil føre dykk, men de opnar for nysgjerrigheita og utforskingsbehovet til barn, og lèt dermed ikkje planen bli til hinder for det.

Struktur og fleksibilitet

I det pedagogiske arbeidet med barn og unge treng vi planar for at ikkje dagane skal bli for prega av rutinar og tradisjonar. Vi skal, for å arbeide i tråd med lovverket, planleggje for eit innhald som tek vare på behova barn har for omsorg og leik og som fremjar læring og danning. Men planane vi lagar, må òg vere fleksible, slik at vi tek høgde for det uventa og er opne for det som skjer undervegs. Vi må finne ein balanse mellom det å ha kontroll gjennom planar og det å vere fleksible for å kunne ta omsyn til og følgje initiativa og interessene til barn. Å ha evna til å sjå kva som skjer, og leve seg inn i livet til barna og tørre å setje seg sjølv og planane på spel for å gi rom for det som skjer her og no, bidreg til at vi òg gir rom for det levde livet til barna.

Planar kan bidra til å gi oss tryggleik i rolla vår som barne- og ungdomsarbeidar. Opne og fleksible planar gir rom for evaluering og endringar undervegs. Når du er trygg i rolla di, er det òg enklare å improvisere og gi rom for det spontane, uventa og medverknaden til barn. Vi må kunne gjere kloke vurderingar av kva som blir best i dei aktuelle situasjonane som oppstår. Til det blir det kravd erfaring, kunnskap og kritiske refleksjonar over det arbeidet vi gjer.

Improvisasjon handlar om å justere opplegget akkurat no og vurdere kva som blir best. Det er ein måte å stille seg kritisk på til det vi gjer i kvardagen. Improvisasjon og pedagogisk dokumentasjon heng nært saman. Når du vurderer det du gjer og har gjort, spontant eller planlagt, kan du vurdere om arbeidet gitt bidreg til å ta vare på behovet til barn for omsorg og leik og fremjar læring og utvikling. Vi kan då sjå på improvisasjon som ein reflekterande praksis, som gir deg moglegheit til å endre praksisen til fordel for nysgjerrigheita, interessene og behova til barna. Det gir òg større rom for medverknad til barna i kvardagen.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor må vi planleggje arbeidet vårt med barn og unge?

  2. Korleis kan du bruke improvisasjon i arbeidet med barn og unge?

  3. Kvifor er det å kunne improvisere ein viktig eigenskap hos ein barne- og ungdomsarbeidar?

Kjelde

Steinsholt. K. & Sommerro. H. (2006). Improvisasjon – det å være til stede når noe skjer. I K. Steinsholt & H. Sommerro (Red.), Improvisasjon: Kunsten å sette seg selv på spill (s. 9–22). Cappelen Damm.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2021