Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Normsendarar

Når vi lever saman med andre menneske, blir vi påverka av dei. Det er ikkje mogleg å seie kven som påverkar oss mest, sidan det er avhengig av om vi snakkar om barndom eller ungdom, skule eller arbeidsliv. La oss sjå litt nærare på kven som påverkar oss.

Nokre normsendarar

Gjennom omgang med andre menneske generelt, og i situasjonar der vi blir oppdregne, spesielt, blir vi påverka av andre. Å påverke vil mellom anna seie å gi signal om kva normer vi meiner skal gjelde. Derfor kallar vi dei som påverkar, eller prøver å påverke, normsendarar.

Dei viktigaste normsendarane blir presenterte nedanfor.

Normsendarar i primærsosialiseringa

Familien

Familien skal lære barna grunnleggande normer og verdiar, at det er stygt å stele, lyge og slå, og at det er viktig både å samarbeide med andre og å kunne stå på eigne bein og hevde eigne meiningar og synspunkt. Språkinnlæring, å lære morsmålet, er ein del av denne prosessen. Denne primærsosialiseringa skjer i nære relasjonar i heimen og er ei personleg sosialisering.

Normsendarar i sekundærsosialiseringa

Barnehage, skule og arbeidsliv

I barnehagen og skulen får barna forsterka mange av dei normene og verdiane som dei har møtt i familien. Ein forskjell kan vere at barna i barnehagen i større grad må lære seg å ta omsyn til andre. Dei må dessutan så smått lære å hevde seg overfor andre som krev like mykje merksemd. Denne konkurransen verkar inn på utviklinga av identiteten til dei unge.

Det som skil sekundærsosialiseringa frå primærsosialiseringa, er at barnet skal trenast i spesifikke ferdigheiter. I skulen får elevane kunnskap og trening i ferdigheiter. Det blir kalla formell sosialisering. Elevar er veldig mykje av tida si i skulen, og derfor blir lærarar og medelevar viktige i denne prosessen.

Formell sosialisering går òg føre seg i arbeidslivet, der ein må kvalifisere seg for ulike typar jobbar og oppgåver. I tillegg krevst det gode sosiale ferdigheiter for å passe inn og løyse ulike arbeidsoppgåver. I dei fleste jobbane blir det stilt krav både til kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid, ved sida av at ein må tilpasse seg normene og reglane til arbeidsgivaren.

Venner og fritidsaktivitetar

Venner og kameratar er viktige sendarar av uformelle normer og verdiar. Dei fleste er godt tilpassa normene i samfunnet og er positive bidrag i sosialiseringa. Nokre ungdommar går saman om å starte band, andre liker friluftsliv eller dataspel. I nokre tilfelle kan verdiane i ein vennegjeng gå på tvers av dei formelle og offisielt godtekne normene. Ja, i nokre miljø er det slik at du faktisk må bryte offisielle normer for å bli godteken. Nokre dyrkar aktivitetar som er uakseptable elles i samfunnet, det vere seg tagging eller lovbrot og kriminell aktivitet.

Dei fleste fritidsaktivitetar, som korsong, fotball, musikk, dans eller deltaking i organisasjonar, er likevel i tråd med andre grunnleggande verdiar i samfunnet. Der møtest personar som har felles interesser eller ferdigheiter. Men vi kan setje spørsmålsteikn ved om denne typen fritidsaktivitetar blir så sterkt styrte av vaksne at dei faktisk blir ein del av den formelle sosialiseringa.

Massemedium

Massemedia er aviser, bøker, fjernsyn, teikneseriehefte, radio og film, for ikkje å snakke om internett. Desse massemedia påverkar utan tvil utviklinga av identiteten til dei som bruker dei. Ein grunn er at dei i høg grad formidlar normer og verdiar. Når dei på sportssidene hyllar sigerherrane, seier dei at det er viktig å vinne og bli ein einar i samfunnet. Når dei fortel om det gode liv for rike kjendisar, seier dei at lykka er pengar. Vi finn likevel òg forteljingar om varme menneske som ofrar nærast alt for medmenneska sine. Derfor er det svært vanskeleg å seie noko sikkert om korleis massemedia bidreg til å utvikle identiteten hos brukarane.

Sosiale medium

Sosiale medium er massemedium som kan påverke identiteten til brukarane, eller vere med på å forme dei. Grensene for kva som er tillate å skrive om seg sjølv og andre, og kva ein viser av seg sjølv og fortel om seg sjølv, blir oppfatta ulikt av ulike brukarar. Dette kan både fortelje oss at brukarane har ulike verdiar og normer for kva dei vil dele med ukjende, og at media kan presse deltakarane medvitent eller umedvitent i ulike retningar.

Religion og sosialisering

Religion bidreg til å forsterke dei tradisjonelle normene og verdiane. I mange samfunn er normer og verdiar knytte til religion viktige fellesverdiar. Bibelen, Koranen, Talmud og andre skrifter blir dermed òg lærebøker i etikk og moral.

Trussamfunn bidreg til identitetsutviklinga på mange måtar, ikkje minst ved at dei står for seremoniar knytte til viktige fasar i livet. Markering av fødsel, overgangen frå barn til vaksen, ekteskap og død er ofte knytt til religion. Vidare er det mange menneske som søker saman i religiøse foreiningar og opplever fellesskap med andre i dei. Religion kan spele ei rolle både i primær- og sekundærsosialiseringa.

Skrive av Erik Sølvberg, Elisabeth Kristoffersen og Gro-Anita Mortensen. Rettshavar: Fagbokforlaget.
Sist oppdatert 23.01.2025