Feilkjelder - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Feilkjelder

Vi skal sjå nærare på tilhøve som kan vere med å setje personlege preg på observasjonane, og som kan føre til at observasjonane inneheld feil.

Feilkjelder er tilhøve som vi må vere svært medvitne om. Dersom du ikkje tek høgde for feilkjelder i observasjonane dine, kan verdifull informasjon gå tapt. Sjølv om du er klar over desse forholda, kan du ikkje unngå at dei påverkar observasjonssituasjonen. Når du kjenner til korleis dei verkar inn på observasjonane dine, kan du ta omsyn til at dei finst. Vi må vere tydelege på kva vi meiner kan ha påverka oss i observasjonssituasjonane.

Døme på ting som kan påverke deg

Den fysiske og psykiske tilstanden din

Dersom du har ein litt dårleg dag, er svolten, trøytt eller lite motivert for observasjonsoppgåva, kan det gå ut over måten du observerer på. Du vil mest truleg ha merksemda retta mot deg sjølv og dine eigne udekte behov.

Førsteinntrykk

Førsteinntrykket i ein situasjon eller av andre menneske sit ofte i kroppen. Dersom førsteinntrykket er negativt, kan det vere med å prege den observasjonen du skal gjennomføre. Kanskje leitar vi etter noko som kan forsterke og stadfeste førsteinntrykket vårt.

Sympati og antipati

Du har sikkert opplevd at det er lettare å like somme barn enn andre. Du har kanskje meir til overs for enkelte barn, og gir dei meir positiv merksemd. Du synest kanskje det er litt ekkelt med dei barna som alltid er snørrete, som siklar eller er skitne.

Gruppepåverknad

Vi kan lett la oss påverke av det fleirtalet i gruppa meiner. Dersom fleirtalet i gruppa eller ein leiar seier noko om eit bestemt barn, er det lett at vi andre også finn dei trekka hos barnet når vi observerer det.

Tidsfaktoren

Val av tidsrom for observasjon, til dømes om barna er ute eller inne, får innverknad på kva vi finn ut om barna.

Tidlegare erfaringar og haldningar

Du vil alltid ha med deg nokre erfaringar og opplevingar knytte til barn og unge, og forkunnskapen din om barnet og omgivnadene kan påverke observasjonen. Din eigen barndom og oppvekst, tidlegare arbeid med barn og unge og verdiane og haldningane dine kan òg påverke observasjonane du gjer.

Eigen subjektivitet

Personlege behov og eigenskapar, motiv eller mål kan vere med å farge dei observasjonane du gjer, slik som kven du er, kor gammal du er, kva utdanning du har, kva slags kultur du kjem frå og så vidare.

Forventningar

Ofte har vi forventningar til kva vi kan finne når vi observerer barn, men vi må vere opne for at det vi forventar, kan bli observert som noko heilt anna.

Kva opplæring du har fått i observasjon

Observasjonsarbeid krev trening. Dei som har utdanning i og kunnskap om observasjonsteori og observasjonsmetodar, har betre føresetnader for å gjennomføre observasjonsarbeidet på ein god måte.

Sisteinntrykket

Dei inntrykka vi får mot slutten av ein observasjon, kan lett feste seg som eit generelt inntrykk. Vi har også lett for å vurdere det vi har observert, som litt betre enn det faktisk er.

Utfordringar til deg

  1. Kva er feilkjelder?

  2. Kva har førsteinntrykket av ein person å seie for deg?

  3. Korleis kan du redusere mengda av feilkjelder i observasjonane dine?

  4. Korleis kan dagsforma di påverke observasjonane du gjer?

Skrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2021