Bygge sjølvkjensle og sjølvtillit - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Bygge sjølvkjensle og sjølvtillit

God sjølvkjensle og sjølvtillit fører til at vi har det bra. Som barne- og ungdomsarbeidarar skal vi bidra til å bygge ei positiv sjølvkjensle og sjølvtillit hos barn og unge. Då bidreg vi til at dei bygger opp eit positivt sjølvbilete og ein trygg identitet.

I denne filmen snakkar spesialpedagog Inger Olaug Nordstad om forskjellen på sjølvkjensle og sjølvtillit hos barn.

Video: Bufdir/foreldrehverdag.no / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 1. Sjølvkjensle og sjølvtillit

  1. Kva er sjølvkjensle?
  2. Kva er sjølvtillit?
  3. Kva kan sjølvkjensle og sjølvtillit ha å seie for identiteten din?
  4. Tenk tilbake til eigen barndom eller situasjonar i dag. Hugsar du ein situasjon der ein vaksen gav deg kjensla av å bli sett og forstått? Kva gjorde denne kjensla med deg?
  5. Forklar kvifor mobbing og maktmisbruk kan føre til dårleg sjølvkjensle.

Oppgåve 2. Anerkjenning og ros

  1. Kva er anerkjenning?
  2. Kva kan du gjere for å vise at du tek kjenslene til barn og unge på alvor? Gi konkrete døme og grunngi svaret ditt.
  3. Kva er ros, og kva bidreg ros til?
  4. Kva seier og gjer du når du skal gi ros til barn og unge?
  5. Når er det naturleg for deg å gi ros?
  6. Reflekter over desse spørsmåla:

    • Kvifor bør vi presisere kva vi rosar, og ikkje berre si: "Bra!" eller "Flott"?
    • Kva er skilnaden på anerkjenning og ros med tanke på sjølvkjensle og sjølvtillit?
    • Kva er skilnaden på å anerkjenne det barnet gjer undervegs, og det å rose produktet av det barna har gjort, med tanke på sjølvkjensle og sjølvtillit?
  7. Lag eit tankekart med oversikt over kva anerkjenning, oppmuntring og ros bidreg til for sjølvkjensla og sjølvtilliten til barn og unge.

Oppgåve 3. Legge til rette for utvikling av gode kjensler

  1. Reflekter over kva du kan gjere og seie

    • for at barnet du møter, skal føle seg god nok som det er
    • for å støtte barn og unge som slit med å uttrykke seg eller med å uttale enkelte lydar og ord riktig
    • for å vise at du forstå bakgrunnen for kvifor barn eller unge føler eller oppfører seg slik dei gjer
    • for å støtte ein ungdom som vil ha høge karakterar i alle fag, men som ikkje lykkast
  2. Korleis kan du bygge sjølvkjensla til barn og unge uavhengig av kva det får til eller presterer?
  3. Reflekter over kva betyding språk har for opplevinga til barn og unge av seg sjølve og identiteten sin.

Oppgåve 4. Ungdom, sjølvkjensle og sjølvtillit

I denne filmen snakkar helsesjukepleiar Anne Holter Bentzerød om forskjellen på sjølvkjensle og sjølvtillit hos ungdom.

Video: Bufdir/foreldrehverdag.no / CC BY-SA 4.0
  1. Kva er sjølvrespekt?
  2. I filmen seier Anne H. Bentzerød at mange ungdommar seier dei har dårleg sjølvkjensle.

    • Korleis kan du hjelpe ungdom til å bygge positiv sjølvkjensle?
    • Korleis kan du hjelpe ungdom til å føle seg viktige og verdifulle?
  3. Korleis kan du hjelpe ungdom til å føle sjølvtillit i ulike situasjonar?

Relatert innhald

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2024