Snakk om verkemiddel i Skylappjenta
Del 1: Sjå filmen
Viss du har gjort del 1 av læringsstien, har du allereie sett filmen minst éin gong. Men no skal du sjå filmen igjen og prøve å legge merke til kva for verkemiddel det er i han.
Mens du ser, skal du skrive ned alt du meiner er viktige verkemiddel i filmen.
Filmlengde 10:18
Kva er eigentleg verkemiddel?
Verkemiddel er ulike måtar å fortelje ei historie på. Målet kan vere å gjere temaet tydelegare for den som ser filmen.
Vanlege verkemiddel i film er
musikk
lys/mørke
fargar
symbol. Du kan lese meir om symbol i fagartikkelen "Symbol".
Tips: Alle desse verkemidla er viktige i kortfilmen Skylappjenta.
Del 2: Diskuter i grupper
Gå saman i grupper. Fortel kvarandre kva for verkemiddel de har funne.
Kva funksjon meiner de verkemidla har i filmen? Altså – kvifor trur de Iram Haq (regissøren) har brukt desse verkemidla?
Del 3: Samanfatt i klassen
Samanfatt i klassen det de meiner er viktige verkemiddel i filmen. Snakk òg om kva funksjon de meiner verkemidla har.
Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å skrive eit avsnitt om verkemiddel i Skylappjenta.