Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Lær fleire ord

Fagstoff

Forvekslingsord

Kva er eit forvekslingsord? Korleis kan du som har norsk som andrespråk, lære deg å kjenne igjen vanlege forvekslingsord på norsk? I denne fagartikkelen får du fleire tips som kan hjelpe deg til å bruke rett ord på rett stad.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Forveksle
Å forveksle betyr at du vel feil når noko liknar på kvarandre.
Forvekslingsord
Forvekslingsord er ord som lett kan forvekslast med eit anna fordi det liknar på eit anna norsk ord i skrivemåte eller uttale. Døme på norske forvekslingsord er vil/vill og får/for.

Kva er eit forvekslingsord?

Nokre norske ord liknar i både skrivemåte og uttale. Vi kallar desse forveklingsord fordi det er lett å bruke feil ord når dei liknar på kvarandre.

Døme:

  • Eg gler meg til jul.

  • Eg treng nytt hjul på sykkelen min.

Orda jul og hjul er norske forvekslingsord. Dei blir uttalte heilt likt og blir nesten likt skrivne. Men orda har heilt ulik betydning! Det er derfor viktig å hugse på at vi skriv høgtida jul med bokstavane j-u-l, og eit hjul på ein sykkel skriv vi med bokstavane h-j-u-l.

Det er ganske mange elevar med norsk som førstespråk som òg forvekslar ord som liknar. Det kan vere endå vanskelegare å lære rett skrivemåte på forvekslingsord når du lærer deg norsk som andrespråk.

Kva er vanskeleg med forvekslingsord?

Forskjellane mellom forvekslingsorda kan vere små. Det kan vere ein bokstav og ein liten lydforskjell som skil dei. Kanskje finst ikkje bokstaven eller lyden på førstespråket ditt? Då er det forståeleg at forvekslingsord er ganske vanskeleg å lære seg. Du bør bruke tid på å lære deg forskjellane slik at du unngår å skrive desse orda feil.

Kvifor er det viktig å lære forskjellane?

Mange språkfeil gjer det vanskeleg å forstå kva du eigentleg meiner. Det kommuniserer dårleg, og du kan bli misforstått. Viss du vil få fram at du er glad i mor di, er det dumt at nokon trur du meiner du er glad i mur fordi du forvekslar orda "mur" og "mor".

Det er kanskje ikkje alltid så alvorleg å velje feil ord, men i arbeidslivet kan feil i ein logg, rapport eller e-post føre til alvorlege misforståingar.

Kvifor strevar retteprogram med forvekslingsord?

Rettskrivingsprogram kan hjelpe oss med mange vanlege rettskrivingsfeil. Men det er vanskeleg for ei datamaskin å oppdage feil i forvekslingsord. Begge orda er nemleg lov å skrive på norsk, men dei kan ha svært ulik betydning. Les setningane under:

Døme 1

Feil: Mur er veldig lei seg i dag.

Rett: Mor er veldig lei seg i dag.

Forklaring: Både mur og mor er norske substantiv. Mor er synonym for mamma og gir meining i setning 2, mens mur er noko vi kan bygge, og det gir ikkje meining at muren er lei seg.

Døme 2

Feil: Mor og far kringler.

Rett: Mor og far kranglar.

Forklaring: Kringler er noko vi kan ete. Å krangle er eit norsk verb som er synonymt med det å diskutere eller vere ueinige. Det er dette som er meint i denne samanhengen, og setning 2 er rett.

Døme 3

Feil: Han var utsett for ein ulike.

Rett: Han var utsett for ei ulykke.

Forklaring: At nokon er ulike, betyr at dei er forskjellige. Ulykke betyr at det har skjedd ein skade. Orda ser ganske like ut, men det er berre setning 2 som gir meining på norsk.

Tenk over

  • Dei tre døma over er henta frå elevsvar på eksamen. Korleis gjer feila i døma over at setningane kommuniserer dårleg?

  • Kva kan du gjere for å unngå liknande feil?

Døme på vanlege forvekslingsord i norsk

Under ser du setningar med ord som kan forvekslast. I døma har vi sett inn ordet som er rett å bruke.

Får/for/fôr

  • Eg får ei gåve i morgon.

  • Stemmer du for eller imot?

  • Kan du kjøpe med deg til hunden?

Gjerne/hjerne

  • Eg vil gjerne bli med deg heim etter skulen viss det passar.

  • Veit du at eit menneske sin hjerne veg over ein kilo?

Tenk over

Kjenner du til nokon forvekslingsord på førstespråket ditt?

Kva gjer du for å unngå misforståingar når eit ord i førstespråket ditt blir skrive eller blir ganske likt uttalt med eit anna ord?

Ord og lydar du bør vere merksam på

Nokre lydar kan vere vanskelege å høyre forskjell på for elevar med eit anna førstespråk enn norsk. Det gjeld til dømes skiljet mellom lydane y, u og i og skiljet mellom lydane b og p. Viss du veit at du strevar med å skilje mellom enkelte norske lydar, så er det ekstra viktig å passe på desse òg når du skriv.

Ein bil

Ei pil

Å sykle

Å sikle

Det å gjere feil er ein naturleg del av det å lære eit språk. Følg råda om å passe ekstra godt på når du møter på forvekslingsord. Øv mykje på å skrive rett. Etter kvart vil du bli tryggare og tryggare på det norske språket, og du vil gjere færre feil.

Relatert innhald


Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 07.07.2024