Stemma i diktet - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Stemma i diktet

Noveller og romanar har ein forteljar. I lyrikk kallar vi denne for stemma i diktet.

I lyriske tekstar finn vi ofte eit eg som formidlar opplevinga si av verda. Denne stemma kallar vi "det lyriske eget".

Stemma er ikkje nødvendigvis identisk med forfattaren, like lite som ein eg-forteljar i ei novelle er nokon reell person. Men ved å bruke eg-forma, gir diktaren teksten sin eit meir personleg preg.

Oppgåve 1

  1. Les diktet “Blues for gatelykta” av Petter Solberg.
  2. Kven er stemma i diktet?
  3. Korleis viser dei to siste verselinjene distansen mellom stemma i diktet og forfattaren?

Blues for gatelykta

hva skal jeg gjøre nå om dagen
sier gatelykta
eller om kvelden
nå som ingen finner tid
til å skifte pære på meg

jeg kan ikke en gang
stå med armene bakpå ryggen
og vente på bussen
trippe tissetrengt
stå klar med overgangsbilletten

jeg har stått og rusta i sju år
men i januar kan jeg ikke gjenkjenne
vinteren i eget metall
jeg er tilmålt, nymalt, tankeløs, tom
ikke engang disse enkle linjene
er det jeg som tenker

(Teksten er gitt ut på NDLA i 2008)

Tekst: Petter Solberg / Avgrensa bruksrett

Oppgåve 2

I diktet «I dag står flaggstangen naken» av Nordahl Grieg (1940), skrive like etter tyskarane invaderte Noreg, er det ikkje eit lyrisk eg. Men pronomena "vi" og "de" er viktige når du skal finne stemma i diktet.

  1. Kven vil du seie er stemma i diktet?
  2. Kven blir det snakka til i diktet?
  3. Kven er "de" i diktet?
  4. Kvifor trur du Nordahl Grieg har valt eit lyrisk "vi" som stemme i staden for eit lyrisk "eg"?

Kjelder

Grieg, N. (1940). I dag står flaggstangen naken frå Nordahl Grieg, utvalgte dikt. Oslo. Bonniers.

Grytten, F. (2015). Tusener seglar igjen framført på NRKs "Dugnad for flyktningene" laurdag 19. september.

Solberg, P (2008). Enkeltståande dikt skrivne for NDLA.

Skrive av Åsa Abusland og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2020