Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Sjå nærare på ein reklameanalyse

Lær korleis du kan skrive ein god reklameanalyse ved å sjå nærare på ein modelltekst "Frisk frukt på hjernen" – ein analyse av ein reklameplakat for Lerum eplejus.

Til læraren

Før de gjer denne oppgåva er det ein fordel om du har gjennomgått artikkelen "Reklameanalyse: Ein modelltekst med tips" med elevane. Studer reklamen og les modellteksten under reklamen med dei før de går laus på oppgåva.

Oppgåvene i denne ressursen hjelper elevane å "dekonstruere" modellteksten, slik at dei skjønner kva som kjenneteiknar ein god analyse.

Tips: Du kan òg skrive ut modellteksten og klippe ut eitt og eitt avsnitt når du går gjennom oppgåvene under. Då "porsjonerer" du ut oppgåver og tekst til elevane.

Kva kjenneteiknar ein god reklameanalyse?

Når du skriv analyse av samansette tekstar, er målet å

  • vise kva som er formålet med teksten

  • vise korleis formålet kjem til uttrykk gjennom verkemiddel.

  • vise kvifor sendar bruker desse verkemidla

Altså: Målet med alt du skriv, er å vise korleis sendar prøver å påverke mottakar med ulike verkemiddel. Oppgåvene under skal hjelpe deg med å forstå korleis du skal gå fram for å få til dette, ved å diskutere ein modelltekst.

De skal gjere alle oppgåvene i par eller grupper.

Del 1: Diskuter innleiinga i modellteksten

Sjå på innleiinga til modellteksten under.

  1. Kva gjer denne innleiinga?

  2. Diskuter førstesetninga i innleiinga. Kva synest de om å starte på denne måten?

Nordmenn elskar norsk natur. Det har Lerum nytta seg av når dei reklamerer for eplejusen sin i ny pakning. Den samansette reklameteksten har som formål å selje jus til nordmenn. Målet prøver dei å nå ved å bruke både det typisk norske, humor og eiga erfaring som salstriks.

Forklaring

Innleiinga:

  • presenterer reklamen med fagomgrep

  • gir ein kort presentasjon av dei viktigaste verkemidla som skal bli omtalt i hovuddelen

Den første setninga

Det kan vere forfriskande å innleie med å setje reklamen i kontekst. Her er det brukt ei setning i starten til å seie noko om kva som pregar reklamen. Det er eit godt tips å bruke nokre setningar i starten av ei innleiing til dette, i staden for berre presentasjon av teksten.

Del 2: Diskuter det andre avsnittet i modellteksten

Les det andre avsnittet i modellteksten i ramma under. Diskuter:

  1. Kva er fomålet med dette avsnittet?

  2. Kva for fagomgrep blir brukte her?

Den samansette teksten er ein statisk tekst som inneheld fleire typar verbaltekst og eit bilete. Når det gjeld biletet, er produktet, sjølve eplejusen, plassert i forgrunnen. Det er blikkfanget til biletet. I bakgrunnen ser vi naturen som er så typisk for Sognefjorden. For å ikkje stele merksemd frå produktet er bakgrunnen dus.

Forklaring

Avsnittet beskriv komposisjonen til den samansette teksten med desse fagomgrepa:

  • samansett tekst

  • statisk tekst

  • verbaltekst

  • forgrunn

  • bakgrunn

  • blikkfang

Etter innleiinga kan det vere lurt å ha med eit avsnitt som beskriv korleis ein samansett tekst ser ut. Då bør du ha med fagomgrep, slik at du får vist norskfagleg kompetanse.

Men ikkje bruk for mykje plass på beskriving. Det viktigaste du skal gjere er nemleg å analysere, ikkje beskrive.

Del 3: Diskuter det tredje avsnittet

Eit avsnitt bør berre handle om eit moment.

  1. Les heile avsnitt 3 (under). Kva handlar dette avsnittet om?

  2. Kor stor del av avsnittet er beskriving av biletet, og kor stor del er analyse (Tips: Analyse handlar om den funksjonen eit verkemiddel har – altså setningar som ser på korleis avsendar prøver å påverke retorisk.)

Om vi ser nærare på biletet, er eit viktig retorisk verkemiddel bruken av friske fargar og natur. Dette ser vi både i forgrunnen og bakgrunnen til biletet. I forgrunnen ser vi friske, grøne eple og ein juskartong med bilete av ein fjord på. I bakgrunnen blir den norske fjorden gjenteken. Slik skaper fargane inntrykk av at jusen er sunn, naturleg og noko typisk norsk. Når Lerum speler på ønsket til mottakar om å vere sunn, samtidig som dei bruker nasjonalromantiske motiv, speler dei på kjenslene våre. Dei ønsker å vekke positive assosiasjonar til produktet. Biletet er altså i stor grad patosprega.

Forklaring

Avsnitt 3 handlar om biletet. Det er brukt mykje plass på analysen i forhold til beskrivinga.

Tips: Sjå på teksten med eit "detektivblikk". Prøv å avsløre avsendaren ved å spørje:

  • Kvifor har dei brukt akkurat desse bileta eller orda?

  • Korleis prøver dei å lure meg til å kjøpe produktet?

Analyse: Om vi ser nærare på biletet, er eit viktig retorisk verkemiddel bruken av friske fargar og natur.

Beskriving: Dette ser vi både i forgrunnen og bakgrunnen til biletet. I forgrunnen ser vi friske, grøne eple og ein juskartong med bilete av ein fjord på. I bakgrunnen blir den norske fjorden gjenteken.

Analyse: Slik skaper fargane inntrykk av at jusen er sunn, naturleg og noko typisk norsk. Når Lerum speler på ønsket til mottakaren om å vere sunn, samtidig som dei bruker nasjonalromantiske motiv, speler dei på kjenslene våre. Dei ønsker å vekke positive assosiasjonar til produktet. Biletet er altså i stor grad patosprega.

Del 4: Diskuter det femte avsnittet

Les det femte avsnittet (under). Diskuter:

  1. Kva funksjon har førstesetninga i avsnittet?

  2. Kvifor er dette avsnittet ein god analyse av verbalteksten nedst i reklamen?

  3. Kvar er det brukt setningsbindarar for å skape god språkleg flyt?

Brødteksten har òg ein del språklege verkemiddel som skal spele på kjensler. Mellom anna står det om jusen at han er "frisk", laga av den "finaste" frukta og er "den aller beste". Ved å bruke desse verdiladde orda prøver Lerum å spele på patos for å overtyde oss. I tillegg bruker dei både bydande språk og humor for å skape eit slags usynleg band med potensielle kjøparar, noko som er typisk for den skjulte argumentasjonen. Det appellative språket i setninga "prøv den friske eplejusen vår i ny pakning" speler på kjenslene til mottakarane. Det same gjer den siste humoristiske avslutninga, formulert som ein direkte førespurnad: "kanskje får du frukt på hjernen du og".

Forklaring

Førstesetninga har to funksjonar:

  1. Det er ei temasetning som viser kva avsnittet skal handle om.

  2. Ho lagar ein elegant overgang frå avsnittet over.

Dette er ein god analyse fordi verbalteksten blir nærlesen. Skrivaren peikar på fire ulike språklege verkemiddel og bruker fagomgrep. Dessutan er det lagt vekt på kva funksjon desse verkemidla har.

Setningsbindarar

Setningsbindarar er ord som: òg, mellom anna, desse, i tillegg, noko som og det same

Brødteksten har òg ein del språklege verkemiddel som skal spele på kjensler. Mellom anna står det om jusen at han er "frisk", laga av den "finaste" frukta og er "den aller beste". Ved å bruke desse verdiladde orda prøver Lerum å spele på patos for å overtyde oss. I tillegg bruker dei både bydande språk og humor for å skape eit slags usynleg band med potensielle kjøparar, noko som er typisk for den skjulte argumentasjonen. Det appellative språket i setninga "prøv den friske eplejusen vår i ny pakning" speler på kjenslene til mottakarane. Det same gjer den siste humoristiske avslutninga, formulert som ein direkte førespurnad: "kanskje får du frukt på hjernen du og".

Del 5: Diskuter avslutninga

Det er mange måtar å skrive avslutningar på. Kva vil de seie skrivaren gjer i denne avslutninga?

Alt i alt er dette ein typisk "norsk" reklame. Det er vanleg at norske reklamar bruker naturen som salstriks. Bruken av den norske naturen skal bidra til at mottakarane får gode kjensler for produktet. Desse friske epla produserte i vakre Sognefjorden, kan dei nyte rett frå glaset! Og når all verbalteksten i tillegg er skriven på nynorsk, Noregs eige skriftspråk, trekker det i same retning. Men reklamen blir ikkje sjølvhøgtideleg, trass i både mykje etos og patos. Årsaka er den litt sjølvironiske og uhøgtidelege verbalteksten.

Forklaring

Avslutninga er ei slags oppsummering med skråblikk. Det vil seie at skrivaren ser stort på teksten og seier noko om konteksten, og korleis sendar prøver å påverke mottakarane.

Prøv å unngå at avslutninga blir ei rein gjentaking av det du har skrive tidlegare.

Relatert innhald


Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 10.12.2025