Hopp til innhald
Fagartikkel

Rapport

Ein rapport er ein tekst som skal gi sakleg informasjon om eit saksforhold eller eit utført arbeid, og han kan innehalde både faktaopplysningar, analysar og vurderingar som mottakaren har behov for. Det finst mange ulike typar rapportar, med forskjellige krav til utforming og innhald.

Mange typer rapportar

I nokre samanhengar er det så vanleg å skrive rapportar at det blir laga faste skjema som skal fyllast ut, som til dømes skademeldingar i trafikken og tilstandsrapportar på boligar. I yrkeslivet skriv vi arbeidsrapportar for å dokumentere korleis eit arbeid har blitt utført, medan forskarar skriv forskingsrapportar for å dokumentere korleis dei har kome fram til resultata sine.

Krav til ein rapport

Den som les ein rapport, ventar seg nyttig og korrekt informasjon om ei sak eller ei hending. I rapportar må du derfor alltid vere nøyaktig med tid, stad og namn. Du må skrive sakleg og relativt kort, men samstundes passe på at alle vesentlege opplysingar er med. Rapportar blir alltid skrivne i 1. person: eg eller vi.

Oppsett

Før du begynner å skrive, bør du ha klart for deg kva rapporten skal brukast til, og kven som er mottakar(ar).

Rapporthode

Du begynner med eit rapporthovud som inneheld følgjande korte opplysingar:

  • dato for dagen du skriv rapporten
  • kven som skal ha rapporten
  • kven som har skrive rapporten
  • kva rapporten handlar om

Rapporthovudet plasserer du øvst til venstre på arket.

Innleiing

Innleiinga skal forklare meir detaljert kva rapporten handlar om.

Hovuddel

I hovuddelen legg du fram alle fakta som du meiner er viktige å ha med. For å gjere teksten din meir oversiktleg, kan du godt lage ei overskrift for kvart hovudpunkt i rapporten. Då blir det òg lettare å kontrollere om du har fått med alt du skal.

Avslutning

Som avslutning kan du komme med di eiga vurdering, om du har blitt beden om det. Når rapporten er ferdig, må du hugse å skrive under for hand. Underskrifta di viser at du går god for innhaldet.

Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2019