Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Presenter løysinga di på eit berekraftsproblem

Kan fagkunnskapen din vere ein del av løysinga? Og veit du korleis du kan presentere idéane dine på ein måte som gjer at andre trur på dei? Det er viktig for å få hjelp til å realisere dei.

Kva er FNs berekraftsmål?

FNs 17 berekraftsmål er eit felles oppdrag til alle land i verda om å få til ei . Kvart mål definerer eit område vi må jobbe med.

Del 1: Finn og vel eit problem

  1. Les om FNs berekraftsmål på FN-sambandet. Sjå først over alle måla. Klikk så på kvart mål og få med deg konkret informasjon om kvart problemområde, i tillegg til fleire delmål.

  2. Vel deg eit mål du synest verkar relevant for utdanningsprogrammet ditt. Det kan vere eit delmål eller eit av hovudmåla. Tenk på kva for kunnskapar og evner du har med deg frå yrkesfaga dine, som kan vere nyttige når du skal løyse problemet.
  3. Når alle har valt seg eit mål, kan de dele det med klassen. Bli einige om eitt felles mål de kan finne løysingar på ved hjelp av fagkompetansen dykkar.

Døme på delmål som kan brukast

Under mål nr. 3, "God helse":
3.6) Innan 2020 halvere talet på dødsfall og skadar i verda som skriv seg frå trafikkulykker
Under mål nr. 5, "Likestilling mellom kjønna":
5.b) Styrkje bruken av mogleggjerande teknologi, særleg informasjons- og kommunikasjonsteknologi, for å styrkje kvinner si stilling i samfunnet
Under mål nr. 12, "Ansvarleg forbruk og produksjon":
12.5) Innan 2030 redusere avfallsmengda vesentleg gjennom forbod, reduksjon, attvinning og ombruk

Del 2: Kva for løysingar kan de bidra med?

  1. Del inn i grupper. Bli einige om reglar for gruppa ved å ta ein runde der alle får beskrive kva dei treng for at gruppearbeidet skal fungere. Skriv ned det de blir einige om.
  2. Diskuter først problemet og situasjonen slik han er i dag.
  3. La kvar gruppemedlem skrive ned nokre tankar om løysingar på desse problema. Bruk fem minutt på dette.
  4. Del tankane i gruppene – alle får to minutt kvar til å beskrive idéane sine.
  5. Korleis kan fagkunnskapen de har, bli brukt til å komme opp med gode løysingar? Søk etter relevant informasjon frå fagbøker og elektroniske kjelder de vurderer som gode.
  6. Kom fram til eit felles forslag til løysing.

Del 3: Få innspel frå ein praterobot

Det er ikkje alltid lett å sjå alle konsekvensane av den løysinga de foreslår. Be ein praterobot om å vurdere positive og negative sider ved forslaget de har komme med.

  1. Gi prateroboten ei rolle: Han skal vere ekspert på berekraftsløysingar i yrket ditt.

  2. Legg inn kva for berekraftsmål de vil løyse og ei kort beskriving av løysinga. Be roboten om ei vurdering.

  3. Vurder svara de får. Det er ikkje sikkert at det roboten svarer, er korrekt:

    • Er innspela gode og relevante?

    • Er det noko viktig i svaret som de ikkje hadde tenkt på?

  4. Juster forslaget til løysing om de svarer ja på spørsmåla over. Viss de finn ut at forslaget ikkje let seg gjennomføre, prøv med ein av dei andre idéane de hadde i del 2.

Del 4: Presenter løysinga på ein overtydande måte

Presenter løysinga for klassen.

  • Forklar korleis de kom fram til forslaget: Kva for innspel frå prateroboten har de brukt? Kva for nokon andre ressursar har hjelpt dykk?

Del 5: Gi tilbakemeldingar

Bruk denne sjekklista til å gi kvarandre tilbakemeldingar på presentasjonen:

  • Løysingane er konkrete og gjennomførbare.

  • Gruppa har brukt fagkunnskap på ein god måte.

  • De får fram idéane på ein tydeleg måte.

  • Presentasjonen skaper engasjement.

  • De verkar truverdige som fagpersonar.

Korleis lage ein god presentasjon?

De kan legge fram idéen på mange ulike måtar. Til dømes kan de bruke rollespel, ulike presentasjonsverktøy eller lage ein kort film.

De får tips til korleis de kan lage ein god munnleg presentasjon i desse ressursane:

Relatert innhald

Lag ein disposisjon

Å lage ein disposisjon er å skrive ned stikkord til kva du skal seie, i den rekkjefølgja du har tenkt å seie det.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist oppdatert 22.06.2026