Kritisk tilnærming til tekstar på internett

Del 1: Fire steg for kritisk tilnærming til tekst
Du kan bruke metoden under når du skal lese tekstar kritisk.
- Kva vil denne teksten meg? Kva prøver han å overtyde meg om?
- Kven er avsendaren? Har hen interesser eller bakgrunn som er viktig for meg å kjenne til for å forstå konteksten utsegna har komme ut i?
- Kjenn igjen premissane i utsegna. Ein premiss er eit faktum eller ein påstand som forfattaren går ut frå at det er einigheit om, og som derfor ikkje treng noka nærmare grunngiving. Men hugs at premissar ikkje nødvendigvis treng å vere sanne!
- Analyser teksten ved å nærlese han og ved å setje namn på verkemiddel. Då kan du finne ut korleis han prøver å påverke deg.
Del 2: Sjekk ut avsendar og publiseringsplattform
Dei fleste les nyheiter og informasjon på VG, NRK og andre kjende nettsider, men av og til finn du informasjon på sider du ikkje kjenner like godt. Les sidene det er lenka til under.
Finn ut meir om kva truverd tekstane har ved å sjekke kva slags side det er, og ved å oppsøke fleire kjelder for å finne ut kven som står bak nettstaden.
- Document.no: Holder barna over røyken frå bål for å få dem til å gråte foran kamera
- Verdinytt.no: Charlie Kirk: Et konservativt forbilde og nå martyr for ytringsfrihet
Samanfatt i grupper eller par: Kva fann de ut? Kva har publiseringsplattforma og avsendaren å seie for korleis bodskapen er utforma?
Del 3: Kritisk blikk på feeden din
Algoritmane styrar kva du får opp i nyheitsstraumen (feeden) din. I sosiale medium får du til dømes forslag til kontoar å følge og tilpassa reklame.
Undersøk: Kva skjer med nyheitsstraumen din når du har besøkt nettsidene i del 2? Følg med i dagane framover.
På kva måte kan du sjå at algoritmane har plukka opp "dei nye interessene dine"? Gi døme på innhald som skil seg frå det du vanlegvis får opp i nyheitsstraumen.
- Kva tenker du om at nyheitsstraumen din blir tilpassa søka dine og innhald du les på internett?
Del 4: Kritisk lesing av overskrifter
Korleis står det til med din eigen kritiske sans når du "surfar" rundt på nettet? Gå inn på nettsidene under og ta eit skjermbilete av overskrifter du meiner skal lure deg til å klikke på lenkene.
- Gå inn på nokre av lenkene du har teke skjermbilete av. Er det nokon av overskriftene som lover meir enn det innhaldet gir?
Lag ein digital presentasjon der du peiker på ulike "triks" som blir brukte for å få oss til å klikke på oppslag. Bruk fagomgrep om triksa. Det kan vere:
- direkte førespurnad ("Du vil ikkje tru ...")
- spørsmålsoverskrifter
- overdriving
- overdrivne kontrastar
- andre overdrivingar
- fargar og animasjonar som skal fange merksemd
- skrifttypar som skal vekke oppsikt
- bilete som skal lokke
- anna?
Eit tips: Fokuser gjerne på korleis nettsidene på ulike vis bruker patos. Det er nok den appellforma som blir brukt mest på framsidene av avisene for å fange lesarar. Kvifor trur du det er slik?