Klart språk i politikken - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Klart språk i politikken

Er språket i politiske diskusjonar og dokument så vanskelege at 16-åringar ikkje kan delta i demokratiet, sjølv om dei får stemmerett?

Eit argument som har blitt brukt mot at 16-åringar skal få stemmerett, er at dei ikkje har nok kunnskap om politikk, og at dei ikkje er engasjerte nok til å søkje kunnskap om dette. Men er det berre ungdom sin feil at det er slik? I videoen under prøver både barn og politikarar å forstå nokre av orda som blir brukte i lokaldemokratiet.

Mens du ser videoen

Etter at du har sett videoen

  1. Gå saman i grupper på tre og prøv å finne ut kva orda betyr.
  2. Kva kunne de ha sagt i staden, for å gjere innhaldet tydelegare? Vel ut to uttrykk. Lag forslag til andre ord og formuleringar som er klårare.

  3. Del forslaga i klassen.
  4. Kvifor trur de slike ord og uttrykk blir brukte i politikken?
  5. Kva tykkjer de om påstanden "Klart språk i politiske dokument og diskusjonar er ikkje nok til å få ungdom til å interessere seg for politikk?"
  6. Kva for andre grupper i samfunnet kan ha vanskar med å delta i demokratiet på grunn av uklårt språk?

Relatert innhald

Fagstoff
Bullshit

Kva er bullshit? Er vi ikkje opptekne av sanning lenger? Denne artikkelen tek føre seg filosofiske perspektiv på fenomenet bullshit.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 07.11.2019