Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

KI i tekstskriving: prosess og vurdering

Til læraren: Korleis kan elevane bruke generativ KI i skriveprosessen? Og korleis vurderer du teksten då? Her får du tips om metode og forslag til vurderingskriterium.

Skriveopplegg med KI

Ein praterobot kan vere god støtte i ulike delar av ein skriveprosess. Utfordringa er å få elevane til å jobbe slik at dei ikkje let han ta over all tenkinga og formuleringa. Du må jobbe med å gjere elevane bevisste på kva ein praterobot er god på, og kva han ikkje bør brukast til.

Trafikklysmodellen

I norskfaget skal elevane ifølge læreplanen "vurdere og behandle eigne tekstar" (Utdanningsdirektoratet, 2020). Det er derfor viktig å lage gode rammer for ein skriveprosess med KI, slik at det faktisk er eleven sin eigen tekst som er grunnlaget for ei vurdering. Ei god ramme inneheld derfor ei beskriving av når og korleis eleven kan bruke KI.

Til dette kan du bruke trafikklysmodellen. Der betyr grønt lys at det er fritt fram for eleven å bruke KI, mens det raude lyset seier at ingen bruk er lov. I eit skriveopplegg der du vil at eleven skal bruke KI i delar av skriveprosessen, er det oransje lyset rett val. Det signaliserer at elevane kan bruke KI til idémyldring og som assistent i ein prosess. Samtidig står det at dei òg skal vise kritisk refleksjon over eigen KI-bruk. Denne refleksjonen blir ein del av vurderinga.

Les meir om VuKI og trafikklysmodellen i fagartikkelen "Praterobotar og vurdering: VuKI-modellen".

Loggskriving er ein del av prosessen

Skriveoppgåver der KI er involvert, krev at du som lærar er tett på prosessen. Elevane skal både reflektere over og vise korleis dei har brukt kunstig intelligens undervegs. I tillegg til å svare på refleksjonsspørsmål skal elevane dele skjermdumpar frå samtalen med prateroboten. Då kan du både sjå korleis eleven har jobba med å gi roboten instruksar og samanlikne teksten i loggen med teksten eleven har levert inn. Dette gjer fusk mindre freistande, og det er lettare for deg å sjå kva elevane har lært undervegs i prosessen.

Forslag til loggspørsmål

  1. Kva praterobot/KI-modell har du brukt?

  2. Kva brukte du verktøyet til?

  3. Kva for instruksar gav du roboten? Måtte du justere undervegs? Gi døme.

  4. Kva valde du å ikkje ta med frå svaret til prateroboten? Gi eit døme og forklar kvifor.

  5. Kva for påstandar frå roboten sjekka du opp mot andre kjelder eller primærkjelda? Kva fann du ut?

  6. Kva endra du på i språket? Gi eit døme og forklar kvifor.

  7. Meiner du at prateroboten hjelpte deg til å forstå det du skreiv om betre, eller hjelpte han deg berre med å bli fortare ferdig med oppgåva? Grunngi svaret.

  8. Kva i den ferdige teksten er du mest stolt av at du har skrive heilt sjølv, utan hjelp frå prateroboten?

Samtale om tekst

Set av nokre minutt til ein rask samtale om teksten etter innlevering. Still spørsmål om nokon av detaljane i teksten:

  • Kva synest du var det viktigaste i teksten din?

  • Kva meiner du med omgrepet du har brukt i denne setninga?

Målet er ikkje nødvendigvis å ta elevane i å fuske. Dette er òg god trening i å bli klar over eigne meiningar og val, og kunne grunngi dei.

Påskjønn det menneskelege

KI-genererte tekstar har ein tendens til å likne kvarandre, bruke nokre faste formuleringar, ha lite temperatur og vere i overkant velbalanserte. Dei kan rett og slett ofte vere litt kjedelege.

Når eleven bruker humor, ironi, komplekse setningsoppbyggingar og dagsaktuelle referansar, skal det derfor påskjønnast. Dette er noko ein praterobot ikkje får så godt til, i alle fall ikkje på korrekt norsk.

Korleis oppdage det KI-genererte?

Dagens praterobotar leverer tekstar som har ganske korrekt norsk. Du kan finne anglisismar og særskrivingsfeil, og av og til kan dei bomme på bøyingar av sterke verb og kjønn på substantiv. Det siste er mest synleg i nynorsk.

Det du kan sjå etter er:

  • fråvær av personlegdom og refleksjon

  • klisjéfylte formuleringar og ekstrem høflegheit

  • mangel på kreative formuleringar

  • repeterande tekststruktur, dårleg tekstbinding og overgangar mellom avsnitt

  • engelsk syntaks og direkte omsetjingar av idiom

  • generelle beskrivingar, mangel på spesifikke detaljar, som å vise til ein tekst

  • oppdikta sitat og kjelder

  • lister og kulepunkt


Forslag til vurderingskritierium

Under ser du forslag til korleis du kan vurdere ein tekstanalyse der elevane har fått lov til å bruke KI i prosessen. Med nokre endringar kan du lage liknande kriterium for andre tekstsjangrar elevane skal skrive. Hovudpoenget er å vise i kva grad eleven har jobba sjølvstendig med innhald og språk, og dessutan reflektert over KI-bruken.

Vurderingskriterium KI brukt i tekstanalyse

Låg måloppnåing

Middels måloppnåing

Høg måloppnåing

Fagleg innhaldTeksten er lite konkret og viser manglande tekstforståing. Eleven gir att standardtolkingar frå KI og viser ikkje til noko i primærkjelda.

Teksten viser god forståing, men lener seg litt mykje på KI sine standard-tolkingar utan eigne nyansar.

Eleven viser i liten grad til noko i primærkjelda.

Teksten er ein sjølvstendig analyse. Påstandar i analysen blir grunngitte ved å vise til primærteksten. Eleven har retta opp svakheiter eller forenklingar i KI sitt utkast.
Språk og struktur

Språket ber preg av direkte omsetjing frå KI (t.d. anglifiseringar og særskriving).

Språket er korrekt og har for det meste god flyt. Eleven har omarbeidd KI-forslaga slik at typiske KI-skrivefeil er borte. Teksten har eit godt språk, god flyt og ei tydeleg personleg stemme. Teksten viser sjølvstende i formuleringar med fagspråk.
Bruk av KI-generert informasjonEleven bruker KI ukritisk utan å oppgi det og gir att faktiske feil eller hallusinasjonar. Det er ikkje spor av at andre kjelder er brukte som kvalitetssikring.

Eleven oppgir bruk av KI og viser at KI-påstandar er sjekka mot lærebok eller kjeldetekst, men overser detaljar.

Eleven dokumenterer kvar og korleis KI er brukt i skriveprosessen, og gjer greie for og grunngir kvifor nokre KI-forslag blei forkasta og andre beheldt.

Refleksjon over prosessEleven kan i liten grad forklare korleis KI har hjelpt eller hindra læringsprosessen.Eleven beskriv korleis KI blei brukt (t.d. til disposisjon) og ser nokon fordelar/ulemper med verktøyet.Eleven analyserer eigen læringsprosess og reflekterer over forskjellen på maskinell tekstproduksjon og eiga tankeverksemd.

Relatert innhald

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 19.03.2026