Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Korleis skrive retorisk analyse?

Lær korleis du skal skrive ein god retorisk analyse ved å lese ein modelltekst og få forklaringar på kva som kjenneteiknar sjangeren.

Ein modelltekst

Denne ressursen forklarer kva som er ein god retorisk analyse ved å ta utgangspunkt i modellteksten "Ein bekymra ung mann". Det kan vere lurt å lese denne teksten før du går vidare.

Diskuter i par

Kva er det eigentleg du skal gjere, når du blir beden om å skrive ein retorisk analyse av ein argumenterande tekst?

Dette skal du finne ut

  • Kva vil avsendar overtyde meg om?

  • Korleis prøver avsendar å overtyde meg?

  • Kvifor skriv avsendar som hen gjer?

Avsendaren kan prøve å framstå som dyktig, truverdig og/eller moralsk god (etos), bruke fornufta og overtale sakleg (logos) og spele på kjenslene (patos).

Strukturen i ein analyse

Alle analysar skal bestå av ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Kvar av dei tre delane kan skrivast på ulike måtar, men det er nokre råd du bør følge. Her får du tips og døme.

Innleiinga

Hovudoppgåva di i ei innleiing er å presentere teksten du skal analysere, men du kan starte innleiinga på ulike måtar. I det første dømet under vender teksten seg til lesaren og seier litt om temaet, før presentasjonen av teksten:

Døme 1

Kva tenker du på når du høyrer ordet "likestilling"? Det er store sjansar for at tankane går mot kvinnekamp, 8. mars og demonstrasjonar. Vi har blitt vane med å knyte ordet likestilling til kvinnene sitt angrep på eit samfunn som har undertrykt dei. Men 15-åringen Oskar Macdonald Dunlop meiner det er på tide å tenke på gutane. 27. mai 2019 fekk han publisert lesarinnlegget "Som ungdomsskoleelev traff 'Kjønnskampen' meg hardt" på Aftenpostens Si ;D-sider.

I døme 2 startar innleiinga med nokre setningar med faktaopplysningar om temaet:

Døme 2

I 1978 kom den første likestillingslova i Noreg. Lova var i stor grad eit svar på den kvinnekampen som blei ført på 70-talet. Over 40 år seinare skriv ein 15 år gammal gut i ei norsk avis at "det er på tide å gjøre likestillingsloven likestilt". 15-åringen Oskar Macdonald Dunlop meiner det er på tide å tenke på gutane. 27. mai 2019 fekk han publisert lesarinnlegget "Som ungdomsskoleelev traff 'Kjønnskampen' meg hardt" på Aftenpostens Si ;D-sider.

I begge desse døma blir lesaren ført inn i temaet teksten skal handle om.

Hovuddelen

I hovuddelen skal du skrive sjølve analysen, altså prøve å "avsløre" korleis avsendaren prøver å påverke deg. Du skriv vanlegvis eit avsnitt om kvart av dei ulike momenta i analysen:

  • hovudsynet i teksten

  • etosappellen

  • logosappellen

  • patosappellen

Korleis bygge opp avsnitt i hovuddelen?

1. Temasetning: Vis lesaren kva avsnittet skal handle om

Start avsnitta med temasetningar. Dei introduserer kva avsnittet skal handle om. Avsnittet skal berre handle om det temasetninga fortel. Dette skaper ein ryddig tekst som gjer det enkelt for lesaren å følge tankerekka til skrivaren.

Nokre døme frå modellteksten "Ein bekymra ung mann":

  • "Hovudsynet i lesarinnlegget er at menn sine problem blir gløymde i likestillingskampen ...". (avsnitt om hovudsynet)

  • "I teksten appellerer Dunlop i hovudsak til patos (...)". (avsnitt om patos)

  • "Samtidig avsluttar han dette resonnementet ved å spele på fornufta når han skriv (...)". (avsnitt om logos)

  • "Det ekspressive språket blir òg brukt for å styrke avsendar sin etos." (avsnitt om etos)

2. Døme

Når du skriv om ei appellform eller eit verkemiddel, må du alltid hugse å bevise det du seier. Du bruker sitat frå teksten som bevis.

3. Hugs å skrive om funksjon!

Det viktigaste i ein analyse er å skrive om korleis avsendaren prøver å påverke deg. Viss du ikkje skriv om funksjon, svarer du ikkje ordentleg på oppgåva. Då blir det heller ei beskriving av den argumenterande teksten enn ein analyse.

Tips: Bruk setningskoplarar

I dømet under bruker forfattaren setningskoplarar mellom både avsnitt og setningar for å skape god språkflyt. Sjå gjerne for deg at du skal "leie" lesaren gjennom teksten din når du skriv analysar.

Dei konkrete døma frå dokumentaren Kjønnskampen speler òg på kjensler. Dunlop fortel nemleg at kjendiskvinnene Sigrid Bonde Tusvik og Zara Larsson seier slemme ting om menn "med eit smil om munnen" og "til rungande applaus". Dei verdiladde orda i beskrivingane her, kombinert med at Dunlop bruker ordet "provoserande" om eigne kjensler, skal òg provosere lesarane. Kvinnene verkar slik som vondskapsfulle og omsynslause, i motsetning til til dømes Dunlop sjølv.

I dømet blir tekstbindarar som òg, nemleg, her, slik og i motsetning til brukte for å lage elegante overgangar mellom setningane. Klarer du å sjå strukturen?

Avslutninga

Avslutninga er som oftast berre eitt avsnitt. Det er viktig at du ikkje trekker inn nye moment der. Du skal berre samanfatte det du har funne ut og skrive om i hovuddelen. Du kan til dømes peike på kva som er den viktigaste appellforma avsendaren bruker, og du kan vurdere i kva grad du meiner forfattaren lykkast med verkemidla sine.

Døme

Alt i alt kjem Dunlop ut av det med god avleia etos i teksten sin. Han bruker både etos, logos- og patosargument. Kanskje klarer han å overtyde fleire om at likestillinga har blitt for kvinnefokusert?

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 06.11.2025