Kva er lyrikk?

Lyrikk i historisk lys
Omgrepet "lyrikk" kjem frå det greske ordet lyra, som er namnet på eit strengeinstrument. I oldtidas Hellas var lyrikken den diktinga som blei sungen til lyremusikk. I dag bruker vi omgrepet lyrikk både om songtekstar og om dikt som skal lesast stilt eller framførast utan tonefølge.
Poesi er språk ladet med mening
Ezra Pound, amerikansk lyrikar. Frå ABC of Reading (1934).
Korte tekstar, konsentrert tyding
Felles for dei lyriske tekstane er at dei er relativt korte. Eit anna særmerke er ein konsentrert bruk av språklege verkemiddel. Diktaren bruker gjerne uventa og nyskapande bilete som får oss til å sjå det tilsynelatande kjende i eit nytt lys.
Det er en sprekk i alle ting; der siver lyset inn.
Leonard Cohen, kanadisk forfattar, songar og låtskrivar. Frå låta "Anthem", gitt ut på albumet The Future i 1992.
Musikalske verkemiddel
Musikalske verkemiddel som rim og rytme speler ei viktig rolle i lyrikken. Klang og rytme i ord og verselinje blir ein del av tekstopplevinga. Ein lyrisk tekst kan også vere ei oppleving for øyra!
Sjå til dømes på opplesninga av eit polsk barnedikt i Linda Eides språksjov. Sjølv om du ikkje kan polsk, vil du høyre at dei musikalske verkemidla er eit viktig kjenneteikn ved diktet. Både den auka lesehastigheita og rimet skaper ein rytme som skal etterlikne rørslene og lydane til toget.
Sjå frå 14:40 på Linda Eides språksjov.