Forteljar og synsvinkel - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Forteljar og synsvinkel

Ei historie kan forteljast på ulike måtar: I første eller tredje person, med eller utan innblikk i kva personane tenkjer, med eller utan synleg forteljar.
I munnlege forteljesituasjonar er det heilt opplagt kven som er forteljaren, og kven sin versjon av historia vi får! Høyr gjerne på den korte fabelen. Forteljar er Heidi Dahlsveen. Video: Einar Gjærevold / CC BY-NC-SA 4.0

Kven fortel historia?

Svaret på dette spørsmålet verkar nokså opplagt, for forfattaren rår sjølvsagt fullt og heilt over teksten sin. Men det heile er litt meir innfløkt enn som så:

"Nei, det var ikkje eg som gjorde det. Eg orkar ikkje slikt. Det byr meg imot. Eg får meg ikkje til det rett og slett. Slik har det alltid vore. Det var ikkje eg som stussa halen på katten, reiv vengene av levande fluger eller spidda sniglar på spisse pinnar. Det var dei andre småungane. Men det var eg som tenkte det ut."
(Bjordal, 1992)

Forfattar og forteljar

Teksten over er starten på novella "Regi" av Oddny Bjordal. Her er det ikkje forfattaren som snakkar om seg sjølv. Ho har lagt orda i munnen på ein ung gut, som også er hovudpersonen i forteljinga. Han har ei dominerande rolle i ungeflokken og manipulerer dei andre til å mobbe utvalde offer. I novella er det han som fortel, ikkje forfattaren.

Forfattaren av ei skriftleg forteljing er altså ikkje identisk med forteljaren. Forfattaren vel korleis ei historie skal forteljast, og valet av forteljar er eitt av verkemidla forfattaren rår over.

Autoral og personal forteljar

Når forfattaren skal velje ein forteljar, kan det vere autoral eller personal. Kva betyr det?

Autoral forteljar

Om forfattaren vel ein autoral forteljar, har vi å gjere med ein forteljar som observerer personar og hendingar utanfrå. Hen deltek ikkje sjølv i handlingane.

Eit døme ser vi i novella "Ballstemning" av Alexander Kielland. Forteljaren observerer personar og hendingar utanfrå. Han kjenner fortida til hovudpersonen og veit kva folk sladrar om. I tillegg hevdar han at han er i same situasjon som lesaren, for han har ikkje førstehandkunnskap om livet i fattigkvartera i Paris. Det verkar som om forfattaren fortel historia direkte til oss lesarar. Derfor kallar vi denne typen forteljar for autoral forteljar.

"Ad de glatte marmortrinn var hun steget opp uten uhell, uten anstrengelse, alene båret av sin store skjønnhet og sin gode natur. Hun hadde inntatt sin plass i de rikes og mektiges saler uten å ha betalt adgangen med sin ære og sitt gode rykte. Og dog var der ingen, som kunne si, hvorfra hun var kommen; men der hviskedes om, at det var dypt nedefra."
(Kielland, 1879)

Personal forteljar

Den personale forteljaren, derimot, er som regel ein deltakar i historia. Sjå til dømes på utdraget frå Sult av Knut Hamsun. Her kjem vi inn i tankane til eg-personen, og vi sansar det same som han:

"Solen stod i sør, klokken var omtrent tolv. Byen begynte å komme på benene, det nærmet seg spasertiden og hilsende og leende folk bølget opp og ned i Karl Johan. Jeg klemte albuene i siden, gjorde meg liten og slapp ubemerket forbi noen bekjente som hadde inntatt et hjørne ved Universitetet for å beskue de forbigående. Jeg vandret oppover Slottsbakken og falt i tanker."
(Hamsun 1890/1990, s. 31)

Pronomenet avslører forteljaren

Om ein forteljar er personal eller autoral, kan vi òg lett sjå på bruken av personleg pronomen i forteljinga. Ein personal forteljar er ein eg-forteljar. Er forteljinga skriven i tredje person (han, ho osb.), viser det at forteljaren er autoral.

Synsvinkel

Nært knytt til forteljaromgrepet er omgrepet synsvinkel. Med synsvinkel meiner vi den oversikta over handling og personar som forteljaren har frå ståstaden sin. Den autorale forteljaren kan nemleg velje å behalde synsvinkelen sjølv, eller leggje han til ein eller fleire personar i handlinga.

For å finne ut av korleis synsvinkelen er, må du spørje deg sjølv: "Kven er det vi ser forteljinga saman med? Kva ser vi?".

Personal forteljar med intern synsvinkel

I ei førstepersonsforteljing er det eg-forteljaren sin versjon av hendingane vi får høyre. Vi får vite kva eg-personen tenkjer, seier, ser og høyrer, men ikkje meir. Synsvinkelen er klart avgrensa. Fordi historia blir fortald "innanfrå", gjennom ein av karakterane, seier vi at synsvinkelen er intern.

Utdraget frå Hamsuns Sult (over) er eit typisk døme på ein personal forteljar med intern synsvinkel.

Autoral forteljar med ekstern synsvinkel

Dersom forfattaren skriv forteljinga si i tredje person, er forteljaren autoral og står utanfor handlinga. Handling og personar blir derfor skildra i utgangspunktet "utanfrå", synsvinkelen er ekstern.

Islendingesagaene er eit godt døme på konsekvent bruk av ekstern synsvinkel. Forteljaren i sagaane følgjer vekselvis fleire ulike personar, men her blir det ikkje røpt noko av kva personane tenkjer, vi får berre vite korleis dei handlar og kva dei seier.

Autoral forteljar med intern synsvinkel

Den autorale forteljaren kan velje å leggje synsvinkelen til ein av karakterane i historia. Vi får altså innsikt i tankane og sanseinntrykka til denne personen, men i staden for at det blir brukt "eg", som i ei førstepersonsforteljing, er pronomenet han eller ho.

Morten Harry Olsens novelle "I urskogen" gir oss eit godt døme på denne typen synsvinkelbruk. Hovudpersonen i novella heiter Pettersen. Han er ein eldre mann som har feira bursdagen sin med eit godt måltid på ein fin restaurant. På vegen heim prøver han å stoppe ein slåstkamp, men blir sjølv slått ned. Han må på legevakta på Ullevål sjukehus og ventar deretter på ei drosje som skal køyre han heim.

"Pettersen ventet utenfor. For første gang etter hjerteoperasjonen følte han trang til en sigarett. Det var ikke helt mørkt; natten hadde et dypt skjær. Det var mildt. Han begynte å føle seg roligere. Han kikket på armbåndsuret. Klokka var nesten to. Han hadde ikke vært oppe så sent på så lenge han kunne huske. Fødselsdagen hans var over, og ødelagt. Det gode måltidet, konjakken og sigaren lå langt, langt tilbake. Han skulle ha sittet trygt og komfortabelt hjemme, drukket en førsteklasses vin og lest en god bok. Han følte seg ikke lenger i slekt med de menneskene som var ute på natten."
(Olsen, 1988)

Synsvinkelen i novella er nesten konsekvent intern, han ligg hos Pettersen. Slik kjem vi tett innpå han og får sympati med han – og tilsvarande antipati mot pøblane som har spolert fødselsdagen hans. I denne novella er det berre omtala av hovudpersonen som "Pettersen" og bruken av pronomenet "han" som røper den autorale forteljaren.

Autoral forteljar med skiftande synsvinkel

I ei tredjepersonsforteljing har forfattaren òg moglegheita til å skifte synsvinkel og på den måten gi oss innsikt i kva ein eller fleire av personane tenkjer. I motsetning til den eksterne synsvinkelen kjem vi altså inn i tankane til fleire av personane i handlinga.

I dømet under, frå novella "Skolegutt" av Laila Stien, kjem vi til dømes først inn i hovudet til eit foreldrepar, medan det i andre avsnittet er det sonen deira, Mattis, som har synsvinkelen:

"Mora og faren syns ikke noe om skolen. Ungene lærer ikke det de trenger å lære. De
blir klønete og ukyndige med reinen når de er så mye borte fra den. Ikke får de ta seg fri heller. Det er sørgelige greier.

Bare i sommerferien og i helgene kan Mattis være med foreldrene til flokken. Det er det gildeste Mattis vet. Særlig om vinteren. Da får han sitte på scooteren sammen med mora, faren eller de store søsknene sine. Han får sitte foran og holde i styret og kjøre så snøspruten står bak dem. Når han blir stor, skal han ha sin egen scooter – en Yamaha."
(Stien, 1979)

Autoral forteljar med allvitande synsvinkel

I novella "Ballstemning" skiftar synsvinkelen umerkeleg fram og tilbake mellom intern og ekstern. Forteljaren veit kva både hovudpersonen og andre personar tenkjer, han rører seg fritt mellom fortid og nåtid, og han kommenterer det som hender. Vi bruker gjerne omgrepet allvitande forteljar om ein autoral forteljar som tilsynelatande har full oversikt over forteljinga si verd.

"Sin fortid hadde hun glemt. Hun hadde glemt den på samme måte som vi har glemt rosene, silkebåndene og de gulnende brev fra vår ungdom, fordi vi aldri tenker på dem. De ligger nedlåst i en skuff vi aldri åpner.

Men om natten drømte hun undertiden skrekkelige ting. Hun følte atter hvorledes den gamle heks som hun hadde bodd hos, rusket henne i skulderen for å jage henne av sted i den kolde morgen til madamen med ballblomstene."
(Kielland, 1879)

Kvifor er dette viktig?

Det viktigaste er likevel ikkje å kunne setje riktig namn på synsvinkelen. Det som er viktig er å kunne fortelje kvifor forfattaren vel den forteljaren og synsvinkelen han gjer. Kanskje ligg synsvinkelen hos eit barn i ei novelle. Korleis hadde historia endra seg om det var mora eller faren til barnet som hadde synsvinkelen?

Det er dette som er det verkeleg interessante når vi ser på forteljingar. Du kan prøve sjølv: Skriv om eitt av utdraga frå tekstane over til ein annan synsvinkel. Korleis endrar teksten seg då?

Omgrepsforvirra?

Har du sett andre måtar å brukar omgrepa personal og autoral på? Det er det svært mogleg at du har. Desse omgrepa er til for å beskrive korleis synsvinkel og forteljar fungerer, og i lærebøker i norsk vil du finne fleire ulike variantar, utan at nokon av dei er feil.

Fleire stader vil du kunne lese om personal synsvinkel i tredjeperson. Men i artikkelen vår står det jo at personal forteljar berre er eg-forteljar?

Når vi skriv om autoral forteljar med intern synsvinkel, er det fordi desse omgrepa understrekar at det nødvendigvis er ein forteljar som beskriv hovudpersonen, og omtaler denne som "han" eller "ho".

Den interne synsvinkelen inneber at vi likevel har tilgang til tankane til denne tredjepersonen, og opplever handlinga gjennom hans auge. Dette fungerer altså på tilsvarande måte som personal forteljar med intern synsvinkel.

Kort oppsummering

  • Ei historie kan forteljast i første eller tredje person.
  • Ei førstepersonsforteljing eller eg-forteljing har ein personal forteljar som er ein av karakterane i forteljinga. Synsvinkelen er intern.
  • Ei tredjepersonsforteljing har ein autoral forteljar som står utanfor handlinga. Synsvinkelen kan vere ekstern, han kan vere skiftande, men han kan òg vere nesten gjennomført intern.

Test deg sjølv.

Har du forstått teoristoffet over? Test deg sjølv i oppgåva under. Du kan gjerne gå saman med ein annan i klassen. Diskuter moglege løysingar før de bestemmer dykk for kva knapp de skal trykkje på.

Forklaring

Døme 1: "Eg kom inn i klasserommet og såg ut over medelevane mine. Dei kikka så vidt opp, men vende straks tilbake til mobiltelefonane sine. "For ein gjeng", tenkte eg og sprada av garde til pulten min der eg drog opp iPhonen. Læraren kom duknakka inn. Eg såg at det lyste blått frå skjermen ho heldt i handa."

Forklaring: Her er det ein eg-forteljar. Dermed må forteljaren vere personal. Synsvinkelen ligg hos eg-personen heile tida. Det er altså ein personal forteljar med intern synsvinkel.

Døme 2: "Han kom inn i klasserommet og såg ut over medelevane sine. Dei kikka så vidt opp, men vende straks tilbake til mobiltelefonane sine. "For ein gjeng", tenkte han og sprada av garde til pulten sin der han drog opp iPhonen. Læraren kom duknakka inn. Han såg at det lyste blått frå skjermen ho heldt i handa."

Forklaring: I motsetning til i døme 1, er det her ein tredjeperson-forteljar (han). Då er forteljaren autoral. Vi kjem berre inn i tankane hans, altså har den autorale forteljaren lagt synsvinkelen til "han". Då er det ein autoral forteljar med intern synsvinkel.

Døme 3: "Han kom inn i klasserommet, og auga hans glei over medelevane. Dei kikka så vidt opp, men vende straks tilbake til mobiltelefonane sine. Han sprada av garde til pulten sin medan han kikka oppgitt på ungdommane i klasserommet. Då han sette seg ved pulten, drog han opp iPhonen. Læraren kom duknakka inn. Det lyste blått frå skjermen ho heldt i handa."

Forklaring: I motsetning til førre døme, kjem vi ikkje inn i tankane til nokon av personane. Det er ein autoral forteljar som observerer og tolkar andletsuttrykket til han som "oppgitt". Dermed er det ein autoral forteljar med ekstern synsvinkel.

Døme 4: "Det skulle bli ein dag som få andre. Men det visste ikkje han, der han kom inn i klasserommet og såg ut over medelevane sine. Dei kikka så vidt opp, men vende straks tilbake til mobiltelefonane sine. "For ein gjeng", tenkte han og sprada av garde til pulten sin der han drog opp iPhonen. Læraren kom duknakka inn medan det lyste blått frå skjermen hennar. "Treff på Tinder?", tenkte ho håpefullt."

Forklaring: Dei to første setningane avslører ein autoral forteljar som veit meir enn karakterane i historia. Forteljaren veit at det skal skje noko uvanleg i framtida. I tillegg går forteljaren inn i tankane til både "han" og læraren, noko som er typisk for den autorale allvitande forteljaren.

Døme 5: "Han kom inn i klasserommet og såg ut over medelevane sine. Dei kikka så vidt opp, men vende straks tilbake til mobiltelefonane sine. "For ein gjeng", tenkte han og sprada av garde til pulten sin der han drog opp iPhonen. Læraren kom duknakka inn medan det lyste blått frå skjermen hennar. "Treff på Tinder?", tenkte ho håpefullt. "Singel på fjerde året får vel halde," meinte ho og kikka på issen til alle elevane sine."

Forklaring: Her har vi ein forteljar som vekslar mellom å leggje synsvinkelen hos "han" og læraren. Vi får høyre korleis begge opplever starten på dagen. Dette er altså ein autoral forteljar med skiftande synsvinkel.

NB! Når du berre les korte utdrag, som her, kan det vere vanskeleg å skilje mellom den allvitande og vekslande synsvinkelen. Ofte må du lese ein lengre tekst for å kunne seie sikkert om den autorale forteljaren veit meir enn karakterane sine eller om hen vekslar mellom å gi karakterane synsvinkelen.

Kjelder

Bjordal, O. (1992). "Regi" henta frå Jakob Sande-årbøkene. Dale i Sunnfjord: Jakob Sande-selskapet.

Hamsun, K. (1990). Sult. Oslo: Gyldendal. (Originalverket gitt ut i 1890.)

Kielland, A. (1879). "Ballstemning" frå Novelletter. København: Gyldendal.

Olsen, M.H. (1988). "I urskogen" frå Ein dans til. Oslo: Oktober.

Stien, L. (1979). "Skolegutt" frå Nyveien. Oslo: Tida.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Regi

Novelle om barn som mobbar.

Skrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2019