Oppgåve
Overtyd med logos
Har du forstått kva logos er? Prøv deg på å bruke logiske argument for å overtyde ein medlev.

Korleis kan du argumentere for at alle barn bør få leike med lego?
Oppgåve. Finn og vurder argument
Vel ein av følgande påstandar:
- Det er bortkasta å kjøpe vatn på flaske.
- Du bør velje yrkesfag.
- Alle barn bør få leike med lego.
Du skal overtyde ein medelev om påstanden du har valt.
- Finn tre argument som du trur vil overtyde medeleven din.
- Vurder om dei tre argumenta stemmer, om dei er relevante for å overtyde medeleven din, og om dei kan bevisast (er haldbare).
- Gå til slutt saman to og to og vurder om dei argumenta de har komme fram til kvar for dykk, verkar sanne eller sannsynlege.
Relatert innhald
Logos
Logos handlar om dei faktiske argumenta eller påstandane i teksten eller talen.