"En eneste"

Del 1: På jakt aleine
Les songteksten «En eneste» av Lars Vaular utan lyd eller musikkvideo.
Kva meiner du teksten handlar om?
Ranger forståinga di av teksten på ein skala frå 1–10, der 1 betyr at du ikkje forstår noko og 10 betyr at du forstår han fullt og heilt.
Set i gang musikkvideoen, men ikkje sjå på han! Skroll i staden ned til teksten og følg med på denne medan du høyrer på musikken. Etter å ha høyrt ferdig svarar du på dette:
Har du forandra meining om kva teksten handlar om?
Kva tal vil du no setje på forståinga di av teksten?
Del 2: På jakt saman
Gå saman i grupper og diskuter:
- Korleis har de tolka teksten? Er de nære kvarandre i forståing, eller har de heilt ulike tolkingar?
- Kva forventar de av ein musikkvideo til denne songen? Kva trur de han kjem til å handle om? Korleis vil han vere bygd opp? Grunngi.
Sjå musikkvideoen som høyrer til songen. Diskuter:
Levde denne opp til forventningane de hadde?
Tolkar de teksten annleis no som de har sett videoen?
Trudde de at de hadde knekt koden no? I eit intervju med Bergensavisen seier Lars Vaular om musikkvideoen:
Jeg ville ha en video som ikke handlet om teksten, men som samtidig skildret stemningen i melodien. Det er en sommerdag i livet til to 16 år gamle jenter – for noen kanskje en helt vanlig sommerdag (Bergensavisen, 2010).
Diskuter i gruppene: "Videoen handlar ikkje om teksten", ifølge Lars Vaular. Endrar det tolkinga dykkar?
Del 3: På jakt med resten av klassen
Diskuter i klassen: Klarer de å kome fram til ei felles tolking av teksten? Skriv ned tolkinga på tavla. Om nokon har ei tolking som skil seg frå fellesskapen, bør de skrive ned denne òg.
Del 4: Refleksjon
Oppsummer det de har gjort i denne timen skriftleg:
- Gav du opp då du jobba aleine?
- Forandra forståinga di av teksten seg då du diskuterte han med andre?
- Korleis vil du rangere forståinga di av teksten no?
- Kan du lære noko av å jobbe med vanskelege tekstar?
Relatert innhald
Songteksten En eneste av Lars Vaular.