Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Dramasjangeren: kronologi, konflikt og forteljarteknikk

Kva er byggesteinane i eit drama? Lær meir om kva som kjenneteiknar oppbygginga av sjangeren.

Hollywood-modellen

For 2300 år sidan beskreiv Aristoteles korleis dramaet skulle byggast opp. I vår eiga tid finn vi igjen Aristoteles sin modell i til dømes spelefilmar. Han blir òg kalla Hollywood-modellen, i og med at særleg amerikanske spelefilmar følger dette mønsteret.

Tre delar

Ifølge Aristoteles skulle handlinga ha ei begynning, ein midtdel og ein slutt, og dei tre delane måtte henge logisk saman. Ein modell som viser denne tredelinga og spenningsutviklinga i dramaet, kan sjå slik ut:

1. Begynninga: presentasjon

I presentasjonen får vi vite når og kvar handlinga går føre seg, og vi blir kjende med bakgrunnen til personane og ønskene deira. Dette gjer det tydeleg kvifor konflikten oppstår.

2. Midtdelen: utdjuping og opptrapping

I midtdelen blir konflikten utdjupa. Hovudpersonen møter hindringar og truslar som tvingar hen til å handle, noko som gjer at konflikten blir trappa opp, og spenninga aukar.

3. Slutten: klimaks og avtoning

I sluttdelen når spenninga eit høgdepunkt (klimaks), og konflikten får ei løysing. I tragediar endar dette ofte i katastrofe, gjerne med undergangen til helten. I komedien får konflikten ei lykkeleg løysing. Den siste fasen blir kalla avrunding.

Konflikten

Eit drama må ha ein konflikt. Konflikten i historia er det som driv handlinga framover, altså det som er motoren til handlinga.

Konflikten kan vere ein ytre konflikt, til dømes mellom det vonde og det gode. Det kan òg vere ein indre konflikt hos karakterane. Kanskje ein karakter slit med eit val eller med å akseptere seg sjølv?

Vendepunkt

Vendepunkt er hendingar som gjer at handlinga skiftar retning, anten gjennom store spenningstoppar eller små, men avgjerande augeblink. Nokre drama har eit enkelt vendepunkt som snur skjebnen til helten, mens andre lét handlinga veksle mellom håp og fortviling fleire gonger for å auke spenninga.

Kronologi

Handlinga i eit tradisjonelt drama er som regel konsentrert og går føre seg over kort tid. Ho blir ofte presentert , men forfattaren kan bruke både og tilbakeblikk. Romeo og Julie opnar til dømes med ein prolog som antydar slutten, men utan å avsløre detaljane.

Retrospektiv teknikk

Konflikten i eit drama kan ha utspringet sitt i fortida til personane. Når denne fortida blir avslørt systematisk, litt etter litt, gjennom samtalar mellom personane, seier vi at forfattaren nyttar seg av retrospektiv teknikk.

Henrik Ibsen var kjend for å bruke denne teknikken. Eit døme er dramaet Gjengangere. Notidshandlinga går føre seg over berre eitt døgn, men i løpet av dette døgnet blir vi kjende med mange ulike hemmelegheiter frå fortida som karakterane går og ber på.

Skrive av Tone Elisabeth Grundtvig, Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist oppdatert 26.11.2025