Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Kommunikasjon på e-post

Å skrive ein privat e-post og å skrive ein forretnings-e-post er to ulike ting. Det er viktig å kunne forskjellen.

Oppgåve

I par

  • Diskuter forskjellane på ein privat e-post og ein forretnings-e-post.
  • Skriv ned dei viktigaste punkta de kjem fram til.
  • Lag ei liste over kva de ikkje kan gjere i forretnings-e-postar.

I klassa

  • Diskuter kva de har funne, og summer opp dei viktigaste funna.
  • Skriv ei liste på tavla over dei viktigaste «do’s and dont’s» i forretnings-e-postar.
  • Ein i klassa skriv så ein forretnings-e-post med denne informasjonen og sender han til dei andre i klassen. E-posten skal vise korleis ein skriv ein forretnings-e-post, og beskrive kva som skil han frå ein privat e-post.
Skrive av Tove Knutsen og Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 04.02.2026