Fagstoff
Analyse av episke tekstar
Mistar ein låt magien om du veit nøyaktig korleis produsenten har bygd han opp? Nokon trur at ein tekstanalyse øydelegg leseopplevinga. Men akkurat som ein musikar forstår meir ved å lytte til kvart enkelt spor, hjelper analysen deg med å sjå korleis ei god forteljing faktisk fungerer.

Du kan samanlikne tilgangen forfattaren har til litterære verkemiddel med miksepulten ein musikkprodusent har. Kva for spakar dreg du i for å få mottakaren interessert?
Kva, korleis og kvifor
Skal du analysere ein episk tekst, kan du stille følgande spørsmål:
- Kva er det denne teksten handlar om?
- Korleis kjem dette fram?
- Kva vil forfattaren med teksten sin?
For å kunne svare utfyllande på desse spørsmåla, bør du kjenne ein del fagomgrep. Dessutan lønner det seg å gå fram systematisk.
Ein bevisst og strukturert lesemåte
Ein analyse kan gi deg større utbytte av lesinga, og han kan hjelpe deg til å bli ein betre skrivar sjølv. Ved hjelp av ulike analyseomgrep kan du gjere presist greie for korleis teksten er bygd opp, og kva for forteljeteknikkar og verkemiddel som er brukte. Relevante punkt i ein analyse er mellom anna:
- motiv, tema og bodskap
- handling og konflikt
- komposisjon
- framstillingsform
- forteljetempo
- forteljar og synsvinkel
- personskildring
- miljøskildring
Du kan lese meir om alle desse punkta i eigne fagartiklar i dette emnet. Noko er sikkert repetisjon for deg, anna kan vere nytt. Uansett kjem kunnskapar om tekstanalyse godt med i arbeidet med norskfaget.