Tolking og vurdering av sakprosa
Start med filmen
Jonas Bakken om tolking og vurdering av sakprosa (lengde 7:19):
Oppgåve 1. Sakprosakvardagen din
Kva slags sakprosatekstar les eller møter du i løpet av ein heilt gjennomsnittleg dag?
Kva bruker du dei ulike sakprosatekstane til?
Plukk ut eit par av dei sakprosatekstane du møter i kvardagen. Stemmer forventningane du har til desse tekstane, med det Jonas Bakken omtaler som "lesekontrakten ved lesing av sakprosa"?
Kan du – ved å bruke Bakkens definisjonar av lesekontraktane ved lesing av sakprosa og skjønnlitteratur – argumentere for om reklame er sakprosa eller ikkje?
Oppgåve 2. Verkelegheitsskildringar i sakprosa
Det er ikkje alltid like lett å oppdage tekstane sine skildringar av eller påstandar om verkelegheita. Nokre gonger kan opplysningar ligge "skjult", som til dømes i denne setninga: "Han har slutta å drikke." Det er tydeleg at det er snakk om ein gut eller mann, og at han har slutta å drikke. Men det krev meir tolking å forstå at "drikke" ikkje betyr å ta til seg væske, men å drikke alkohol. Ein annan ting teksten seier, men som er meir underforstått, er at han pleidde å drikke.
Nedanfor finn du nokre setningar frå ulike sakprosatekstar. Korleis beskriv dei verkelegheita? Diskuter med éin eller fleire medelevar.
I dagens verd treng Noreg eit godt forsvar.
Kona mi speler badminton.
Går det betre på skulen?
Oppgåve 3. Å tolke sakprosa
Del 1: Tenk over
I filmen seier Jonas Bakken at sakprosa må tolkast, og at særleg lover krev mykje tolking.
Dersom du tenker på sakprosatekstar du møter i kvardagen din, kva synest du krev mest og minst tolking?
Kan du tenke deg kvifor?
Tolk beskjeden "badetøy forbode" i dei to ulike kontekstane nedanfor. Korleis påverkar konteksten tolkinga av beskjeden?
restaurant
nudiststrand
Del 2: Tolk og diskuter
Bruk cirka ti minutt på å tolke utdraget frå sakprosateksten nedanfor for deg sjølv. Som hjelp til tolkinga kan du prøve å svare på spørsmåla nedanfor:
Mine venner er hyklere.
Mine venner er blinde, dumme, ignoranter.
Mine venner later som om de bryr seg, men gir faen, alle som en.
Det går til helvete.
På grunn av mine venner.
Korleis forstår du teksten? Kvifor?
Korleis opplever eller reagerer du på teksten?
Det kjem ikkje klart fram kva teksten eigentleg handlar om.
Kva kan teksten handle om?
Korleis påverkar dei ulike moglege temaa måten du tolkar teksten på?
Det står ikkje kven som har skrive teksten.
Har du forslag til kva slags person som har skrive teksten?
Korleis påverkar dei ulike moglege forfattarane måten du tolkar teksten på?
Korleis opplever du personen som har skrive teksten?
Kva trur du forfattaren prøver å oppnå? Finst det fleire moglege alternativ?
Etter at du har jobba med teksten på eiga hand, kan du gå saman med to–tre medelevar og samanlikne tolkingane.
Finn ut kva de tolka likt, og diskuter kvifor de tenkte likt.
Finn ut kva de tolka ulikt, og diskuter kvifor de tenkte ulikt.
Klarer de å bli einige om kva som er den mest sannsynlege tolkinga?
Oppgåve 4. Å vurdere sakprosa
Å vurdere sakprosa handlar i stor grad om å vurdere relevansen og truverdet ved det som blir sagt.
Oppdrag
Søk på "er egg sunt" i ein søkemotor. Du kan også søke etter ein annan påstand det verserer mytar om eller er delte meiningar om. Registrer minst fem av søketreffa på første side i søkeresultata i skjemaet nedanfor. Fyll deretter ut skjemaet og vurder kjeldene slik dømet under viser.
Kjeldevurdering – døme
Oppgåve 5. Den retoriske situasjonen
Del 1: Beskriv ein situasjon du har opplevd
Kva er den retoriske situasjonen, og kvifor er han nyttig, ifølge Jonas Bakken?
Kan du komme på éin eller fleire retoriske situasjonar du har vore i i dag eller i går?
Når var du "avsendar", og når var du "publikum"?
Vel ein av situasjonane du har vore i, og prøv å beskrive nokre av dei tvingande omstenda i situasjonen. Tvingande omstende kan til dømes vere tidspunktet, tida eller plassen som kunne brukast, den konkrete staden, sjanger og medium, situasjonen, rollene og relasjonane, haldningane og forventningane til personane, tidlegare hendingar og kulturelle normer og forventningar.
Del 2: Bruk det du har lært
I filmen eksemplifiserer Jonas Bakken ulike retoriske situasjonar med forslag om klassetur til København. Tenk deg at du har fått i oppgåve å overtyde klassen om at København er eit bra reisemål, og at du i tillegg har ansvaret for å overtyde lærarane seinare. Du har 60 sekund på deg i kvar situasjon.
Formuler det påtrengande problemet for dei to retoriske situasjonane.
Definer det retoriske publikummet i dei to situasjonane. Gi ei kort skildring av kva det er relevant å vite om dei ulike publikumma.
Gjer greie for moglege tvingande omstende ved dei to situasjonane. Sjå døme i oppgåva ovanfor.
Skriv manus til dei to appellane: eitt for klassen og eitt for lærarane. Hald deg til tida på 60 sekund per appell.